Peder Eriksen (d.1644)

Peder Eriksen (død ca 1644 i Lødingen) var prest.

Han kan ha vore prest i Vågan før han kom til Lødingen prestegjeld.[1] Han vart kalla til prest i Lødingen 5. juli 1618 av biskop Anders Arreboe.

Han underteiknar kyrkjerekneskapet for Lødingen i 1625 og 1642. I 1625 ga han ein messehakel som kosta 3 1/2 riksdaler til kyrkja.

Han vart gift med Gunhild Pedersdotter, ho var enke etter ein «Hr. Henrik» som hadde vore prest i Ofoten. Med henne fekk han to born, blant dei sonen Henrik som vart residerande kapellan i Ofoten.

Referanser

  1. Fjordholm skriv at han først var prest i Vågan. Erlandsen skriv at han "Nevnes blant Vaagens prester ved navn Peder Mikkelsen".

Kjelder

  • Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fjordholm, Vivian. Lødingen, Tjeldsund og Tysfjords historie. Utg. Kommunen, Kulturkontoret. Lødingen. 1987. Digital versjonNettbiblioteket.


Artikkelen Peder Eriksen (d.1644) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.