Røykomn

Ein røykomn nynorsk eller ein røykovn (bokmål) er ein open, mura eldstad utan skorstein. Røykavtrekket frå ein røykomn er same holet som ein fyrer i, og røyken går rett ut i rommet og opp ljoren. Det at rommet blir svært røykfylt under sjølve fyringa er den største ulempa med røykomnane. Når omnen først har vorte varm, så held han godt på varmen utover dagen, i motsetnad til kåpomnar og lysomnar med skorstein, der ein lyt fyre jamt for å halde på temperaturen. I skogfattige bygder og i bygder der det meste av solid treverk gjekk til handel under hollendartida var brenselseffektiviteten svært viktig. Røykomnar var tidlegare vanlege på Vestlandet og vidare nordover til Nordmøre så vel som blant skogfinnar.

Røykomn på Gyl i Tingvoll kommuneNordmøre.
Foto: Wilhelm Lund

På toppen av røykomnen er det ei jamn overflate utan nokon hol, og denne overflata blir god og varm utan å bli brennheit slik jarnomnar blir. Kattar likar gjerne godt å legge seg til der — særleg når det begynner å bli kaldt i rommet, men det framleis er ein god lunk på toppen av røykomnen. Dette er opphavet til dei mange visene om kattar (og stundom ungar) som sitt/ligg oppå omnen:

Da jarnomnar vart vanlege utover 1700-talet, vart det etterkvart færre røykomnar; og med skikken med å ha to etasjar i heile huset, vart det umuleg å ha skorsteinslause eldstader, og røykomnen vart fortrengt av gruer og jarnomnar.

Almskårstua er ei røykomnstue frå først på 1800-talet som i dag står på Nordmøre Museum si avdeling i Knudtzondalen i Kristiansund.
Foto: Olve Utne

Kjelder og litteratur