Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten
Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten (fødd 6. november 1847, død 8. november 1906) var ei småbrukarkone i Nord-Etnedalen i Valdres.
Ho vaks opp på Syegarden (Oppigarden) Steinset (gnr. 31/9) i dåverande Nord-Aurdal kommune, no i Etnedal kommune. Foreldra var gardbrukar Mikkel Nilsson Steinset (1808-81) og Astrid Larsdotter f. Ton (1823-92). Ragnhild var den nest eldste i ein syskenflokk på seks.
Ho vart i 1881 gift med Anders Nilsson frå grannegarden Sørre Steinset (gnr. 31/15). Dei fekk tre jenter som vaks opp: Anne g. Saksberg (1882-1965), Inger (1884-1954) og Ingeborg g. Hagasæt (1887-1914). To gutar døydde berre nokre månader gamle.
Familien kjøpte i 1883 bruket Holo (gnr. 32/12) i Nord-Etnedalen. Seks år seinare bytta dei med Henrik Mikkelson og Marit Olsdotter, som hadde Rundesletten (gnr. 31/11) i same bygdelag. Dette var eit bruk som farbroren hennar Ragnhild, Nils, hadde fått skild ut frå Steinset.
Anders døydde i 1890-åra, men Ragnhild dreiv Rundesletten vidare saman med døtrene sine. Sjølv levde ho til 1906; ho vart 59 år. Døtrene solgte Rundesletten i 1912, og seinare eigarar har bygd opp eit heilt nytt tun og gitt bruket namnet Bjørkset.
Kjelder og litteratur
- Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal : band A - Bygdehistorie. Bustader og slekter i Nord-Etnedal, Etnedal kommune 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 283, 288, 294, 295 og 326.
- Rangnild i Klokkarbok for Skrautvål sokn 1834-1887 (dåp).
- Anders Nilsen i Klokkerbok for Nord-Etnedal 1876-1895 (brur).
- Rangil Mikkelsdatter i folketelling 1865 for Nord-Aurdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Ragnhild Mikkelsd. i folketelling 1900 for Etnedal herred fra Digitalarkivet
- Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten i Historisk befolkningsregister.
- Ragnhild Mikkelsdtr. Sletten i Klokkarbok for Nord-Etnedal sokn 1894-1911 (gravlagd).