Rasmus Steinsvik

Rasmus Olai Steinsvik (fødd 22. september 1863 i Dalsfjorden, død 22. juni 1913 i Kristiania) var redaktør og målmann.

Rasmus Steinsvik

Familie

Rasmus Steinvik var sønn av bonde Steinar Rasmusson Steinsvik (1827–89) og Anna Karine Persdotter Åmelfot (1835–99). Han gifta seg i 1896 med forfattaren Marta Tonstad (1877–1950). Dei fekk mellom anna sonen Kjell Steinsvik; redaktør i Romsdals Budstikke fra 1936 til 1954 og far til industrileder og museumsmann Kjell Steinsvik (1933–2000).

Liv

Rasmus Steinsvik spelte ei viktig rolle både i arbeidet for norsk mål og i det omskiftande og turbulente politiske miljøet i Norge i tiåret før og etter unionsoppløysinga 1905.

Rasmus og Marta Steinsvik kjøpte i 1897 Veslelia i Asker og vart ein del av Askerkretsen.

Steinsvik sto saman med mellom anna Edvard J. Liljedal, Haakon Aasvejen og Johannes Aashamar bak etableringa av Hornindalens friskole i 1887, etter ein lokal politisk strid rundt tilsettinga ein ny ei lærar og klokkar i Hornindal.

I 1894 grunnla han, saman med Arne Garborg, Den 17de Mai i 1894 og redaktør til han døydde. Han var også med i leiinga av Fedraheimen i Kristiania, landsmålsavisa der kulturradikalismen dominerte under leiarskap av Garborg og Ivar Mortensson-Egnund.

Ettermæle

 
Rasmus Steinvik er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Rasmus Steinvik er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Eit bronserelieff prydar gravminnet, som vart reist av Studentmållaget.

Kjelder