Reinheimen
Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn.
Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.
Inn mot og inne i området ligg fleire seterdalar, t.d. Lordalen i Lesja, Grøndalen på Lesjaskogen, Brøstdalen i Rauma og Finndalen i Vågå.
I 2006 vart Reinheimen nasjonalpark på 1969 km2 oppretta i dette området.
Kjelder
- Om Reinheimen på heimesida til nasjonalparkstyret
- Jordhøy, Per (red.) 2014: Reinheimen og Breheimen. Frå pil og boge til lasso og gevær. Villreinutvalet Ottadalsområdet.
- Mølmen, Øystein 1986: Jakt og fangst i Lesja. Frå dyregrav til gevær. Lesja kommune, hovudutvalet for kultur og fritid. S. 171. Digital versjon på Nettbiblioteket