Rokkemakarvegen

RokkemakarvegenNordbø i i Midt-Telemark kommune går sørover frå Gregars veg til Skyttarvegen ved Moland. Han er drygt 1 kilometer lang og er å rekne som ein gardsveg.

Rokkemakarvegen sett sørover mot garden til rokkemakarætta Moland.
Foto: Roy Olsen (2014).

Vegen har namn etter rokkemakarætta på øvre Moland (gnr. 56/3) og blei namnsett i 1996. Garden er nr. 80.

Olav Olavsson (1839–1929) frå Sisjord kom til garden Moland kring 1860. Han bygde seg snikkarverkstad der han laga rokkar, og fekk snart eit vidgjete ry som rokkemakar. Moland-rokken var noko utanom det vanlege! Sonen hans, Halvor Olavsson Moland (1878–1955), byrja i 12-årsalderen i rokkemakarverkstaden, og jobba saman med far sin til han døyde 90 år gamal. Rokken held da på å gå ut av vanleg bruk, men Halvor hadde mange jarn i elden, og forutan gardsdrifta, dreiv han og som møbelsnikkar og laga fint utskorne møblar i bjørk. Han modellera også mange byster og skulpturar av gips og leire og skar ut figurar i tre. Under andre verdskrigen blei det igjen spurnad etter rokkar, og han og sonen Olav Halvorsson Moland (1919–2005) laga rokkar ei tid, men så var det slutt.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid. Bø kommune 1982, s. 159-163.


Koordinater: 59.40978° N 9.03963° Ø