Skyttarvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skyttarvegen med plassen Innleggen sett østover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Skyttarvegen i i Midt-Telemark kommune går vestover frå Lundevegen og endar på vestsida av Bø tråvbane. Han er om lag 1,5 kilometer lang.

Vegen har namn etter skyttarbanen til Bø skyttarlag. Frå 1990 var namnet Tandrevegen, men blei endra til Skyttarvegen i 1996. I samband med denne namneendringa skreiv Utval for natur, teknisk, landbruk og næring følgjande notat:

«Tandrevegen vart offentleg godkjent som vegnamn etter vedtak i Bø formannskap 19.02.90. Eikjabygda vel kom den gongen med forslag om at vegen burde heite Skyttarbanevegen, men dette vart avslege.
Tandrevegen går i dag frå krysset der ein tek av frå Kyrkjevegen og fram mot skyttarbanen så langt den kommunale vegen går. Dersom vegen nå skal endre namn, bør dei siste 200 metrane av Kyrkjevegen fram mot Lundevegen også endrast til det nye namnet da det vil falle meir naturleg for dei som soknar til vegen som etter kvart skal tildelast husnummer. Namnet Skyttarbanevegen kan virke tungt å bruke, og ein bør heller bruke Skyttarvegen.»

Bø Skyttarlag blei skipa i 1873 og ligg under organisasjonen «Det Frivillige Skyttervesen». Banen deira ligg på Slentemo sørøst for Nordbøåsane.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bø Kommune, møtebok, Utval for NTN, sak nr. 243/96


Koordinater: 59.39958° N 9.05155° Ø