Ryvarden fyrstasjon
Ryvarden fyrstasjon i Sveio kommune ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå særprega kulturlandskap, gamle steinmurar, eit rikt planteliv til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det kan gis dispensasjon for kjøring heilt ut.
Ryvarden fyrstasjon | |
---|---|
Foto: Svein-Magne Tunli
| |
Oppretta: | 1849 |
Bygd/ombygd: | 1860/61 - 1890/91 - 1935 - 1958 |
Status: | Automatisert og avfolket 1984 |
Funksjon: | Leifyr |
Type: | Fyrmesterbolig 1935, fyrbetjentbolig 1958, 3 uthus, naust |
Eier: | Sveio kommune |
Sted: | Mølstrevåg |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Sveio kommune |
Etter at Ryvarden fyrstasjon vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane på fyret i Sveio lengst sør i Hordaland fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden, eller som det også vert kalla - Ryvarden kulturfyr. Galleriet vart opna i 1992, då den vertikaldelte fyrbetjentbustaden slo opp att dørene, med nyoppussa vegger fulle av biletkunst, med solide tremøblar og ei lokkande lukt av kaffi og nysteikte vaflar.
På Ryvarden Kulturfyr finn du i dag Galleri Ryvarden m/kafe, eit kunstatelier og fyrmesterbustaden som vert utleigd.
Fyret er medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening-
Kilder
- Ellingsve, Eli Johanne. Finn et fyr. Utg. Tapir akademisk forl.. Trondheim. 2007. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kystverket: Landsverneplan for maritime kulturminner. 2009.
Se også
- Fyrets hjemmeside: www.ryvarden.no
- Norsk fyrhistorisk forenings sider www.fyr.no
Koordinater: 59.5274634° N 5.2266948° Ø