Seljordvegen (Bø i Telemark)

Seljordvegen i i Midt-Telemark kommune går frå Bøgata i krysset med Frivollvegen i sentrum til kommunegrensa mot Seljord i Øvre Bø, der vegen møter Manheimstrondi. Han er 12,5 kilometer lang og er ein del av riksveg 36.

Seljordvegen sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2017).

I Øvre Bø ved Sanda Camping, kryssar vegen Bøelva på den 48 meter lange Sandabrua.

Vegen har namn etter bygda Seljord og blei offisielt namnsett i 1991.

  • Nr. 328: Tidlegare Forberg skule.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.41518° N 9.05601° Ø