Skjåk Almenning

Skjåk Almenning (i lokal daglegtale Skjåk ålmenning eller berre «Ålmeinningje») er ei bygdeålmenning i Skjåk kommune. Med sine 2 millionar dekar er Skjåk Almenning landets tredje største grunneigedom, og den største private. Den omfattar praktisk tala all grunn over tregrensa i heile kommunen, og dessutan skogen i det meste av Nordberg sokn. Mesteparten av høgfjellsområdet i ålmenninga inngår nå i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

Reinsdyr i Tundradalen i Skjåk-ålmenninga. I bakgrunnen Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja.
Foto: Per Dagsgard

Som bygdeålmenning går historia attende til 1798, da gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Eigedomsretten hadde da i nokre tiår lege til enkeltpersonar, alt sidan kongen hadde selt ålmenninga på auksjon i 1726. Etter seinare definisjonar vart Skjåk Almenning ved salet i 1726 til ei privatålmenning, og før det kongs- eller statsålmenning, sidan kongen hevda ein overordna eigedomsrett. Til langt ut på 1800-talet vart eigedomen kalla Nordherredsmarkens allmenning («Nordheradsmorkje») etter det gamle bygdenamnet Nordherad. Stundom finn ein også brukt namnet Langmarken («Langmorkje»), og desse namna må ikkje forvekslast med Nordherad og Langmorkje i Vågå.

Skjåk Almenning er og har vore ei hjørnesteinsverksemd i bygdesamfunnet, med stor betydning for busetjingsmønster, økonomi og arbeidsliv i bygda. Ein særeigen bruksretts- og eigarstruktur har gjennom tidene sett sitt sterke preg på bygdesamfunnet også sosialt og politisk.

Skjåk Almenning blir leia av eit styre valt av bruksrettshavarane i samsvar med Lov om bygdeallmenninger,[1] under dagleg leiing av ein ålmenningsstyrar. Styrar og administrasjon held til i bygdesenteret Bismo.

Areal, ressursgrunnlag og grenser

 
Sokn og grender i Skjåk. Ålmenninga omfattar alle område i kommunen utanfor grensa som er markert med raudt.

Ålmenninga dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar. Eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. Det aller meste er høgfjellsområde. Arealet fordeler seg prosentvis om lag slik:

  • Fjell og vidde: 83%
  • Brear: 6%
  • Vatn og vassdrag: 5 %
  • Skog:. 6%, av dette 93 000 dekar produktiv skog (furu).

Lågaste punktet, litt vest for Nordberg kyrkje, er 420 m.o.h., høgste fjelltoppen er Nørdre Hestbrepiggen på 2172 m.o.h.

Skjåk Almenning er den største jaktrettshavaren innan Ottadalen villreinområde, med ei årleg fellingskvote på ca. 400 dyr (367 i 2010). Det blir elles felt ca. 50 elgar i året, og dertil hjort, rådyr og småvilt. Det finst meir enn 200 fiskeførande vatn og tjønner og ca. 250 km fiskeførande elver i ålmenninga.

Grensa mellom Skjåk Almenning og privateigedomar som ligg inn til ålmenninga opp mot fjellet, vart etter kjennelse i jordskifteretten i 1972 fastsett til å følgje kote 1080, med mindre avvik der naturlege grensepunkt i terrenget låg til rette for det. Nede i bygda, i Nordberg sokn, går grensa langs åa Storgrova på solsida (nordsida av Ottaelva). På baksida følgjer grensa gardsgrensene rett vest for Åbusmoen.

I ytterkanten følgjer grensa kommunegrensene mot Lom, Luster, Stryn, Stranda, Norddal kommune, Rauma og Lesja. Det har vore fleire grenseoppgangssaker mot nabokommunane, den siste mot Sunnylven (nå Stranda) og Norddal vart avslutta i 1960.

Ei hjørnesteinsverksemd

 
Administrasjonsbygget til Skjåk Almenning i Bismo, desember 2010. Bak ser ein byggevareutsalet og sagbruksbygningar.

Forutan å vere grunneigar og forvaltar av skog, fisk, vilt og andre naturressursar, driv Skjåk Almenning skogbruk, foredlings- og forretningsverksemd i bygda. Det blir årleg avverka om lag 9000 m3 furutømmer (opplysning frå 2009). Foredlinga skjer ved ålmenninga sitt sagbruk og høvleri i Bismo. Denne delen av verksemda blir i dag (2010) organisert gjennom dotterselskapet Skjåk Trelast as, som også driv omsetjing av trelast og byggevarer i Bismo (Bygger'n i Skjåk). Ålmenninga har elles inntekter av jakt- og fiskerettar, av kraftutbygginga og av festeavgifter av hyttetomter.

Seterdrift, beite og fôrhenting, bygningsmaterialar og anna vyrke, ved, trekol, tjøre, never, fisk og vilt, fossekraft, rekreasjonsmogleheiter - alt dette er ressursar frå ålmenninga som har hatt stor betydning for jordbruk og busetnad i bygda. Tømmersal frå byrjinga av 1700-talet og eksport av foredla trelast frå 1930, og særleg i seinare år hytter og friluftsliv, har gjort ålmenninga til ein svært viktig faktor i økonomi og sysselsetjing i Skjåk.

I ein kortare periode rundt 1850, og sidan frå 1890-åra til midt på 1960-talet var det tamreindrift i ålmenninga. Det var dels enkeltpersonar, dels private andelslag og ei tid jamvel eit kommunalt selskap som stod for dette.

Ålmenninga har lenge leigd ut hyttetomter til private. I seinare år har det vorte utbygd fleire hyttefelt, og ålmenninga har i dag inntekter frå om lag 500 festetomter. Ålmenninga eig også fleire overnattingshytter til bruk for turgåarar, jegerar og fiskarar.

Eigar- og bruksrett

Alle jordbrukseigedomar i bygda med meir enn 5 dekar dyrka mark, har bruksrett i ålmenninga. Det er ein føresetnad at jordbruket utgjer ein vesentleg del av eigarens utkome. Det er dermed eit visst rom for utøving av skjønn, noko som gjer at talet på eigedomar med bruksrett kan gå litt opp og ned med bruksendringar. Det er i dag (2010) 368 slike eigedomar. Det viktigaste ved bruksretten i vår tid er bruksrettrabatt på ved og materialar til gardsbehov, i tillegg til hevdvunne rettar til setrer og beite. Ålmenningsrettane følgjer vel å merke eigedomane, ikkje eigarane personleg, og kan altså ikkje overdragast til andre utan at bruket på same tid blir overdrege eller delt.

Av desse 368 gardsbruka er det 206 som også har eigedomsrett til ålmenninga. Det er desse gardane som har mest direkte interesse av ålmenninga som forretningsføretak, ikkje berre som tilleggsressurs til eiga gardsdrift. Eigedomsretten inneber fyrst og fremst krav på kontantutbytte av drifta. Det er også eigarane direkte som får dei årlege inntektene av fossefallsrettar som vart selde i 1960-åra.

I høve til ålmenningsrettane kan bygdefolket dermed delast i tre grupper:

1. Dei med bruksrett og eigedomsrett i ålmenninga (ca. 206 hushald)

2. Dei med berre bruksrett (ca. 160 hushald)

3. Dei som ikkje har ålmenningsrettar i det heile, men som nyt allemannsretten på linje med alle andre (ca. 580 hushald).[2] Det blir elles ikkje gjort forskjell på folk med og utan ålmenningsrett når det gjeld jakt- og fiske for innanbygds buande

Det tilhøvet at bruksrettshavarane består av to grupper, ei med og ei utan eigedomsrett, skil Skjåk Almenning ut frå andre bygdeålmenningar

Bakgrunn

Dei særskilde bruksretts- og eigedomstilhøva har bakgrunn i heimkjøpet av ålmenninga i 1798. Da selde daverande eigar Bernt Anker ålmenninga til «Ole Mallaug, Sevald og Hans Spærstad, Lars Eriksen Andvord og med Intressentere, som ere alle Almuer i Schiagers Annex til Loms Præstegjeld», som det heiter i skøytet av i panteboka (22. januar 1798).[3] (I andre avskrifter heiter det «Almuesmænd». Originalskøytet er gått tapt.)

«Allmugen» var her identisk med gardbrukarane på dei om lag 140 matrikulerte bruka som da fanst i bygda, pluss den eine garden Andvord i Lom. Eigarlutane vart fastsette i huder og skinn i samsvar med matrikkelskylda på dei enkelte bruka, og innskota i kjøpesummen (i alt 2500 riksdalar) vart fastsette i forhold til dette.

Ved seinare oppdeling av gardar med eigedomsrett har talet på eigargardar auka til dagens tal på 206. Eigedomsretten er etter måten konsentrert. 36% av dei som har bruksrett, eig 94% av ålmenninga, medan ca. 19% eig dei siste 6%.

Gruppa av gardsbruk med berre bruksrett voks fram frå slutten av 1800-talet. Det var for ein del utskilde eigedomar der ikkje eigarrett følgde med når gardar vart delte. Viktigast var nok at husmannsplassar i og utanfor ålmenninga vart kjøpte til sjølveige og matrikulerte. Som følgje av bureisinga i 1920- og 1930-åra kom det også til ca. 30 nye bruk med bruksrett utan eigedomsrett.

Interessemotsetningar

I takt med auken i talet på hushald med varierande tilhøve til ålmenninga, og med forskyvinga av høvestalet desse imellom, vart motsetningar mellom eigedomsretten og den reine bruksretten skjerpa. Brukarar av gardar med liten og ubetydeleg eigarlut har hatt ein tendens til å følgje den reine bruksretten i ålmenningspolitikken, og dei har vist større vilje til å la noko av goda (særleg materialrabatten) ved ålmenninga tilfalle også resten av bygdefolket.

Dette har mellom anna gjort seg utslag i at eigedomsretten har kome i mindretal ved styrevala, noko som i sin tur har ført til langvarig strid om kva kompetanse ålmenningsstyret har hatt i høve til eigarane. Det har dreia seg mellom anna om disponeringa av overskotet, rabattsal av materialar til bygdefolk utan bruksrett, fondsoppbygging, sal av ålmenningsplassar, jordsal til bureising med meir.

Interessemotsetningane har gjort seg organisatorisk utslag i danninga av eit bruksrettslag og eit eigarlag. Vel 100 av gardbrukarane har partar store nok til at dei identifiserer seg spesifikt med eigedomsretten, og som såleis soknar til eigarlaget. Dei fleste og største eigarlutane ligg til gardar i Skjåk hovudsokn, i dei breiaste grendene der (særleg Geilostrond, Ramstadstrond, Reppen og Nord-Aura). På den andre sida driv ein stor del av bruksrettshavarane i Nordberg sokn mindre bruk utan eller med små eigarpartar. Dette gjeld også einskilde grender i hovudsoknet, særleg Dalane og store delar av Lundagrenda, til dels også Synna Brua og på Bersustrond. Dette har gjort sitt til at interessestrid i ålmenninga i noko mon har føygd seg saman med skilnader og til dels motsetningar mellom ulike delar av bygda.

Ei tilsynelatande varig løysing på motsetningane vart oppnådd ved ein avtale mellom ålmenningsstyret og eigarlaget av 5. mars 1995. Den går ut på at «Eigarlaget v/styret aksepterer at all forvaltning av almenningen tilligger styret, jfr. lov om bygdealmenning kap. 3». Motytinga var regulering og sikring av eigarutbytte i høve til storleiken på bruksrettsytingane til kvar tid.

Kva rettar hadde husmennene?

Det har gjennom heile historia vore grupper innan bygdefolket utan både bruks- og eigedomsrett i ålmenninga. Det gjeld dei som ikkje har drive gardsbruk. Utviklinga av sekundær- og tertiærnæringar på 1900-talet har ført til ein sterkt auka andel av desse. Men også medan bygda var heilt dominert av jord.- og skogbruk som næringsveg, var det monalege delar av bygdefolket som ikkje eller berre i avgrensa grad naut godt av ålmenninga. Det galdt arbeidsfolk som berre hadde ei tomt og stugu. Med omsyn til dei ganske talrike husmennene, som jo i dei fleste tilfelle dreiv jordbruk, er tilhøvet noko uvisst. Ålmenningsretten har følgd dei sjølvstendig matrikulerte bruka, så generell bruksrett kan ein ikkje rekne med utan vidare låg til plassane. Men i ein del kontrakter på ålmenningsplassar er nærare avgrensa rettar til beite, for, ved og vyrke avtalefesta. I andre plasskontrakter er det stundom nemnt at plassen kan nyte ålmenningsressursar som følgjer av retten som ligg til husbondsgarden.


Historie

Sjå utdjupande artikkel om ålmenningshistoria her.

Historia til Skjåk Almenning kan delast inn i fem hovudbolkar:

1. Tida fram til 1726, da kongen selde eigedomen til private. I denne tida kan ein definere Skjåk-ålmenninga som statsålmenning.
2. Perioden 1726-1798, da eigedomen var privatålmenning ått av enkeltpersonar som dreiv ålmenninga med kommersielt føremål.
3. Tida 1798-1930. Skjåk Almenning vart bygdeålmenningda gardbrukarane i fellesskap kjøpte eigedomen i 1798. Fram til 1930 var lite og ingenting av salshogsten foredla innanbygds. Avhending ut over det som gjekk til bruksretten, galdt mest rundtømmer.
4. Tida 1930-1995. I 1930 sette ålmenninga i gang eit større foredlingsanlegg ved Bismo, med sagbruk og høvleri. Frå da av har foredlinga av tømmeret i all hovudsak foregått der.
5. Året 1995 kan brukast som periodeskilje fordi bruksretts- og eigarinteressene det året kom fram til ei ordning som båe partar har funne seg til rette med. Elles har det både før og etter 1995 gradvis skjedd ei vektforskyving i verksemda frå tømmer og trelast til andre type utmarksnæringar.

Etter Store nordiske krig selde kongen ein del ålmenningar i Noreg til private. ”Nordherredsmarkens almenning” (Skjåkålmenninga) vart seld på auksjon på Elstad i Ringebu 3.8.1726. Allmugen hadde sine representantar til stades der for å by, men nådde ikkje opp i bodgjevinga. Fram til 1798 hadde ålmenninga fleire eigarar, deriblant bondenTosten Hjelle frå Dovre, som sette i gang store tømmerdrifter der frå ca 1730. Elles var det Christiania-borgarar som var eigarar. Den siste var Bernt Anker. Det kom busetjing i nye grender i Bråtå, Kvitingslia og Langleitsgrenda.

I 1798 fekk gardbrukarane i bygda kjøpt ålmenninga av Bernt Anker. Frå da av har Skjåk Almenning vore ei bygdeålmenning. Nyryddinga skaut fart mot slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-åra, nå berre som plassbruk med ålmenningseigarane som kollektiv husbond. Nye grender kom til i Jøingslia og Billingsdalen. Frå slutten av 1800-talet, og i større omfang frå 1915, byrja ålmenninga å selje plassane til sjølveige. Jordbruksbusetjinga vart auka med bureisinga som tok til fyrst i 1920-åra. Den trelasta som vart ført ut av bygda i denne perioden, var i all hovudsak rundtømmer. Store oppkjøparar tok tømmeret på rot og gjennomførte driftene til dels med eigne, utanbygds arbeidsfolk. I 1930 bygde Skjåk Almenning eit moderne sagbruk og høvleri i Bismo, og frå da av har foredlinga også av eksportlasta foregått innanbygds.

Ved høgsterettsdom 10.2.1922 vart Skjåk Almenning tilkjend eigedomsretten til høgfjellet med unntak av nokre strekningar i Breidalen og Vien. Saka hadde i fleire år vore behandla i Høgfjellskommisjonen. Staten hadde hevda at Skjåk-ålmenninga berre omfatta områda nedanfor tregrensa, og at snaufjellet var statsålmenning.

Etter krigen vart skogbruket meir og meir mekanisert. I 1956 vart fyrste motorsaga teken i bruk. Traktor og vinsj, lunningsmaskinar osv overtok for hest og kar. Tømmertransporten lagt heilt over til vegtransport med lastebil. Siste fløytinga i Skjåk gjekk føre seg i 1962. Motorisringa og mekaniseringa gjorde at arbeidsstokken vart redusert. Det vart jamt slutt på sesongpreget over ålmenningsarbeidet. Drifta var frå 1970-åra gjennomført ved ein mindre stab fast- og heilårstilsette arbeidarar.

I 1967 vart fallrettane i ålmenninga selde til Opplandskraft og Tafjord Kraftselskap, Utnyttinga av fallrettane vart ikkje fullt ut realiserte før 2002, da utbygginga av Øvre Otta vart sett i gang.

I løpet av dei siste 30-40 åra har andre sider ved ålmenningsdrifta enn tømmer og trelast fått auka tyding. Det gjeld hytteutbygging, jakt, fiske og anna friluftsliv.

Sagbruk

Vi kjenner til desse sagbruka som har lege i ålmenninga eller som Skjåk Almenning har drive:

  • Ved Jøinga. Generalforstamtet registrerte i 1725 ei sag her «i Nordherreds bøigdens fælleds Eje». Eigarar var Kristen Sperstad, Per Holmork, Hans Kvåle, Jon Marlo, Knut Gjeilo, Eirik Skamsar, Hans Kitilstad og Rolv Lykre. Saga hadde etter seiande da vore i drift i om lag 20 år.
  • Dønfossaga. Eit sagbruk her var oppført før 1798. Peder Jevnheim, som var med å betale kjøpesummen for ålmenninga det året, var eigar av saga. Saga var i drift iallfall til 1880-åra. Av eigarane gjennom tidene er nemnde Per P. Jevnheim, Syver A. Fallingen, Amund Hyrvemoen, Hans Gjerdet (Nerjordet), Gregor Jøingsli og Per S. Skamsar.
  • Kollungssaga. Lars Toresen Bråten (Storbråtå) og Ole Eriksen Bråten (Smedhaugen) fekk kongeleg løyve til å drive bygdesag i Kollungselva 17. juli 1807. Saga var i bruk til sist på 1800-talet.
  • Åstrafossen. Pål Flekkøy (1791-1887) bygde sag her. Siste (?) eigaren var Per P. Brumillom.
  • Stamåsaga. Torgeir Øyberg inngjekk kontrakt med ålmenninga 4. juli 1863, der han fekk løyve til å byggje eit sagbruk i Stamåa. Saga vart nedlagt og vatnet overført til Heggjeåsaga ca. 1890.
  • Heggjeåsaga. Per S. Skamsar bygde sag her i 1860-åra. Lars Lien vart medeigar, og han var blitt eineeigar i 1873, til Ole Flekkøy kjøpte seg inn med halvparten i 1889. Saga vart kjøpt av ålmenninga i 1895. I perioden 1904-1911 vart ho utleigd til M.L.Flydal. Det var lite drift på saga etter 1915, og ho vart seld til riving i 1933.
  • Pollmosaga. I Pollfossen. I drift ca. 1890-1925. Saga vart reist i fellesskap av Ola Pollmo og Kolbent Guddal. Ola Pollmo var eineeigar dei siste åra saga var i drift. Sagbruket var basert på leigesaging, fyrst og fremst for vestlendingar som kjøpte tømmer på rot i ålmenninga.
  • Bråtåsaga vart bygd og driven for eiga rekning av ålmenninga. Den stod ferdig bygd i 1900, og var i gang med avbrot til 1945. Fyrste og lengst fungerande sagmeister var Thore Lilleødegaard.
  • Skamsarsaga. Ålmenninga kjøpte denne av P. H. Stensgaard i 1916, og reiste eit nytt, større og moderne bruk i 1930.

Ålmennings- og sagbruksstyrarar

Ålmenningsstyrarar:

  • 1880-1902: Gregor Johannessen Rudser (Øyberget)
  • 1902-1913: Bjørn Washus
  • 1913-1933: Ivar E. Jensen
  • 1933-1936: Tarjei Wæthing
  • 1936-1939: Nils Nordby
  • 1939-1968: Einar Sandbakken
  • 1968-1994: Svein Tengesdal
  • 1994-2011: Stig Aaboen
  • 2011-  : Jo Trygve Lyngved

Sagbruksstyrarar:

  • 1929-1934: Anton Semmingsen
  • 1934-1941: P. Skaarer
  • 1941-1956: A Haugan
  • 1956-1984: Jon L. Andreassen

Andreassen var den siste sagbruksstyraren, og sideordna ålmenningsstyraren. Etter hans tid var det fleire produksjonsleiarar, men desse var underlagde ålmenningsstyraren fram til 2000, da sagbruket vart skilt ut som eige selskap, Skjåk Trelast AS. Selskapet er 100 % eigd av Skjåk Almenning. Hans Skamsar har vore disponent sidan starten.

Nasjonalparkar og verneområde

I 2005 vart Honnsrøve naturreservat oppretta, eit område på 16,4 km2. Det var det fyrste av fleire verneområde innan Skjåk Almennings eige.

Reinheimen nasjonalpark vart oppretta i 2006. Det som ligg innan Skjåkålmenninga av denne, utgjer 420,6 km2. Det tilstøytande Ottadalen landskapsvernområde har 126,6 km2 innan ålmenningsgrensene. Skjåk Almenning har ein representant i det regionale kontaktutvalet for nasjonalparken. Den lokale forvaltningsordninga skal opphøyre i 2011, og det er pr. desember 2010 uklårt om Skjåk Almenning blir representert der. Det er oppretta to stillingar frå Statens naturoppsyn i Reinheimen, og den eine av dei to tilsette har kontor hjå Skjåk Almenning.

Breheimen nasjonalpark med dei tilliggjande landskapsvernområde vart oppretta i august 2009. Nasjonalparken utgjer 951,1 km2 av ålmenningas grunn. Det utgjer over halvparten av arealet i nasjonalparken. Landskapsvernområdet Mysubytta er på 5,6 km2 og Strynefjellet 11,8 km2. Skjåk Almenning har eit medlem i eit lokalt forvaltningsstyre som skal konstituerast i 2011. Også i 2011 skal det tilsetjast to nasjonalparkforvaltarar, den eine med kontor hjå Skjåk Almenning.


Kjelder og litteratur

  • Liste over Norges største grunneiere
  • Bruheim,M.: Skjåk Ålmenning 1798-1948. Utg. av ålmenninga 1969
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998 ISBN 82-993371-0-0
  • Informasjonsskriv nytta ved årsmøte i Norsk Almenningsforbund i Skjåk sommaren 2010 v/ålmenningsstyrar Stig Aaboen
  • Innstilling fra Skjåkutvalget. Oppnevnt av Skjåk almenningsstyre den 17. oktober 1976. Trykt 1979.
  • Opplysningar på e-post til Hans P. Hosar frå Skjåk Almenning ved Stig Aaboen og Kari Elin Sperstad
  • Tengesdal, Svein og Aaboen, Stig: Skjåk Almenning 200 år 1798-1998. Forvaltning og virksomhet 1948-1998. Skjåk Almenning 1998. E-bok

Notar