Skjelbreidvegen (Bø i Telemark)
Skjelbreidvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Vatnarvegen ved Ufs og ut att til same veg ved Elvestad. På Åsebrua like sør for Åsegardane krysser vegen Åseåa, og her har og Årmotdalsvegen sitt utgangspunkt. Skjelbreidvegen er omlag 5,1 kilometer lang og går for det meste i skogsterreng.
Vegen har namn etter Skjelbreidgardane og blei namnsett i 1988.
Eigedommar
- Nr. 78, Myrvoll (gnr. 9/93)
- Nr. 160, Simonsbekk (gnr. 9/48)
- Nr. 179, Breiva (gnr. 9/501) (Husestaden er utskilt frå gnr. 9/98)
- Nr. 187, Skjelbreid (gnr. 9/64)
- Nr. 203, Skjelbreid (gnr. 9/54)
- Nr. 215, Skjelbreid (gnr. 9/42)
- Nr. 240, den gamle skulestova (gnr. 9/101)
- Nr. 295, Liene (gnr. 16/3)
- Nr. 308, Åse nedre (gnr. 16/2)
- Nr. 310, Åse øvre (gnr. 16/1)
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.