Skoglund (Bykle gnr 15/63)
Skoglund i Bykle ligg på ei høgde like attanfor Vang, bnr 14, og vart dela ifrå det bruket. Åmund Nesland fekk skøyte på henne hjå Torleiv og Olav Nesland i 1980, og flutte inn i nytt hus her 2 år seinare.
Skoglund | |
---|---|
Skoglund pr 30.6.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1982 |
Utskilt: | 1980 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 63 |
Type: | Bustadeigedom |
Åmund Nesland er son åt Asgjerd Nesland og Torbjørn Sordal. Foreldra skilde seg då Åmund var 3 år gamal, og han vaks opp på Nesland Der heime ilag med mora og brørne hennes.
- Åmund Nesland, f 1957
- g m Anita Sømme, f 1963. Born:
- Olav Åmundson, f 1981, sb m Bodil Homdrom, busett Hovden, sjå Kvennebekken bustadfelt 8, gnr 2, bnr 890.
- Kjell Åmund, f 1987
Anita kjem frå Søgne, og er dotter åt Nils Kjell og Liv Rita Sømme. Ho arbeider som heimehjelp i Bykle kommune. Åmund er dagleg leiar i entreprenørfirmaet Uleberg Maskin og Transport, der han også er medeigar. Olav Åmundson arbeider som maskinkøyrar for same firmaet. Olav har overteke Vang, gnr 15, bnr 14, og sameleis Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2.
Skoglund (Bykle gnr 15/63) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |