Skulehistorie i Solund

Skulehistorie i Solund skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Solund kommune si skulehistorie. Kommunen vart skipa i 1858 under navnet Utvær. Før dette var Solund ein del av Gulen kommune. Kommunenamnet vart i 1893 endra til Sulen, og i 1920 til Solund. I 1964 vart øya Losna overført frå Gulen kommune til Solund kommune.

Solund var den første tida delt i to skuledistrikt - eitt ytre og eitt indre. Grensa gjekk gjennom Dalesundet. Dei to distrikta vart delte i roder, og i 1864 vart desse erstatta av 12 skulekrinsar. Før det kom fastskule for læraren og elevane frå hus til hus, frå gard til gard. Det var meininga at alle skulle bidra, og det vart halde skule i stover rundt om i kommunen. Talet på ungar kunne av fleire grunnar variere frå dag til dag, men i 1833 var det 204 skulepliktige born i Solund.

Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar. Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt ni til i leigde, faste skulelokale, og tre krinsar hadde framleis omgangsskule.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Skulekrinsar

Austrefjord krins

Dalesundet krins

Dumbefjord krins

Færøyna krins

Hagefjord krins

Hardbakke krins

Hersvik krins

Indrevær krins

Leknessund krins

Losne krins

Lågøyna krins

Strand krins

Straumen krins

Trovåg krins

Utvær krins

Vågane krins

Ytrøy/Storøy krins

Oversikt over skulekrinsar

1892 1894 1962 1963/64 1964/65
Utvær Utvær Utvær (gjekk på Indrevær)
Indrevær Indrevær Indrevær Indrevær Indrevær
Straumen Straumen Straumen Straumen Straumen
Trovåg Trovåg Trovåg Trovåg Trovåg
Vågane Vågane Vågane Vågane Vågane
Dalesund Dalesund Dalesund Dalesund Dalesund
Ytrøy / Storøy Ytrøy / Storøy Ytrøy / Storøy Ytrøy / Storøy Ytrøy / Storøy
Lågøyna Lågøyna
Hardbakke Hardbakke Hardbakke Hardbakke Hardbakke
Hersvik Hersvik Hersvik Hersvik Hersvik
Færøy Færøy Færøy Færøy Færøy
Hagefjord Hagefjord Hagefjord Hagefjord
Dumbefjord Dumbefjord Dumbefjord (Dumba) Dumbefjord (Dumba)
Austrefjord Austrefjord
Leknessund
Nesøy Nesøy
Strand Strand Strand
Losna Losna

Skuleveg

Lærarar

  • Torkjel Jensen Grytten starta som lærar i Ytre distrikt i 1822, og var lærar i Solund i 50 år. I 1844 bygde han fastskule på Indrevær.
Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Hamre, Magne. Litt skulehistorie frå 60-åra. Solund Sogeskrift 2016, s 69-93.
  • Evensen, Cecilie. Austrefjord skulekrins. Solund sogeskrift år 2003. s.142-157
  • Steinsund, Hans H. Skuleborn frå Utvær. Solund sogeskrift år 2013. s.65-66
  • Eide, Gunnfrid/Sanden, Oddlaug Minne frå skuletida mi. Solund sogeskrift år 2013. s.78-86
  • Mjåtvedt, Cecilie Lovise (1981) Sulingane seie so- – Norsk folkeminnelag : i kommisjon hjå Aschehoug. ISBN 8203104754.
  • Femårsmelding 1892-1895, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Strand, Alf (1981) Solund i fortid og notid – Forfatterne. ISBN 8271010964.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Solund er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.