Skvåbekk (Bykle gnr 15/114)
Skvåbekk er ein bustadeigedom i Bykle. Ein gamal kvinnbekk i terrenget ovanfor bygdeheimen har gjeve namnet til denne tomta i Øvre Sarv. Ho vart utskilt frå bnr 105 i 1994, då Vidar Domaas kaupte henne hjå Bykle kommune. Han og familien hans flutte inn i nytt hus her året etter.
- Vidar Domaas, f 1950
Skvåbekk | |
---|---|
Skvåbekk pr 30.6.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1995 |
Utskilt: | 1994 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 114 |
Type: | Bustadeigedom |
- g 1971 m Helga Killingtveit, f 1950. Born:
Helga Domaas er frå Rauland, og dotter åt Erling Killingtveit og kona, Margit, fødd Brendemo. Ho arbeider som kontorleiar på vindaugsfabrikken.
Vidar er frå Veblungsnes i Rauma, og son åt Lars Domaas og kona, Margrethe fødd Sæther. Han er mekanikar og arbeider som vedlikehaldsformann for Agder Energi.
Familien Domaas kom til Bykle i 1983. Dei hadde tidlegare budd i Lier, der Vidar hadde vore tilsett i Thune-Eureka.
Skvåbekk (Bykle gnr 15/114) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Bjårlii 1 • Neste bolk: Sarvskroken 5 |