Myrli (Bykle gnr 15/84)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrli
Gjerden 62i.jpg
Myrli pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 84
Type: Bustadeigedom

Myrli ligg i Øvre Sarv i Bykle, midt imot helsesenteret på motsett side av vegen. Det vart oppsett av Bykle kommune i 1979, og vart nytta til gjennomgangsbustad, inntil kommunen selde det i 2004.

Dei me har registrert som busette her er dei fylgjande:

  • Olaug Nernæs 1985-87, sjå Furubo, bnr 68
  • Harald Hansen frå 1987, sjå Hagestøyl, gnr 4, bnr 55
  • Laila og Knut Kiland frå 1992, sjå Myri, gnr 15, bnr 85
  • Laila Marlen Lian, 1993
  • Sigrunn Skare 1996, sjå Belglii 59, gnr 2, bnr 540
  • Torill Landrø 1997, sjå Bjårlii 16-18, bnr 126
  • Nanna Resender 2000, turnuslækjær
  • Regine Müller, 2001, turnuslækjar, frå Tyskland.
  • Maren Østvold, 2002, turnuslækjær, sjå gnr 2, bnr 356, Malmvegen 31
  • Fredrik Hellem Schesvold 2003, turnuslækjar
Lars Erik Domaas og Ingebjørg Dyrland på brudlauspdagen 2.7.2005. Bilete frå Helga Domaas.

Frå 1.3. 2004 overtok Lars Erik Domaas huset frå kommunen. Han og dåverande sambuar, nåverande kone, flutte då hit.

  • Lars Erik Domaas, f 1972
sb (g 2005) m Ingebjørg Dyrland, Evje, f 1972
Hennes born:
  • May Lin Dyrland, f 1992
Deira born:
  • Erik, f 2001
  • Silje, f 2004

Lars Erik flutte til Bykle saman med foreldra sine i 1984 (sjå Skvåbekk, gnr 15, bnr 114). Lars Erik og Ingebjørg er båe lærarar, han ved Hovden VGS, ho ved Bykle barne- og ungdomsskule.

I ei hybelleilighet her har me registrert dei fylgjande:

  • Arnt D Eia 1997-1999
  • Eldrid Haugenes 2000
  • Jorunn Egeland 2001-2002


0941 Bykle komm.png Myrli (Bykle gnr 15/84) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kraftly • Neste bolk: Myri