Malmvegen 31 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 31
Utskilt: 1979
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 356
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 31 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygt av Solveig Mørenskog og Rudolf Müller i 1979.

  • Solveig Katrine Mørenskog, f 1931, d 2004
g hv m Bjarne Mørenskog. Born:
sb m Hans Rudolf Müller, f 1932, 2004 busett Vinje.

Solveig Mørenskog var frå Kristiansand. Ho kom til Hovden saman med dåverande ektemake Bjarne Mørenskog i 1963, dei emna på å starte opp ei turistverksemd på Hovden saman. I 1965 vart dei skilde, men Solveig sette likevel i gang med å byggje opp det som skulle verta Hovden hyttegrend. Frå 1977 hadde ho sambuaren Rudolf Müller. Rudolf Müller er frå Sveits, frå ein stad i nærleiken av Zürich. Han og Solveig dreiv hyttegrenda saman til 1991, då dei overdrog verksemda til Bjørnar, son hennes, og sjølve flutte til Vinje.

Huset her selde dei året etter til Bykle kommune, som hadde ymse leigebuarar her inntil dei som bur her nå kaupte det i 2004:

  • Maren Østvold, f 1974
sb m Bjarte Haugsgjerd, f 1971

Maren Østvold er frå Stokke i Vestfold, og dotter åt Mette Østvold og Kjell Mejland. Ho overtok som kommunelækjar II i Bykle frå 16.2.2003. Bjarte Haugsgjerd er frå Skjold i Rogaland, og son åt Reidun og Magne Haugsgjerd. Han arbeider som lærar ved Hovden VGS.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 31 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 30 • Neste bolk: Malmvegen 33

Koordinater: 59.55853° N 7.36394° Ø