Skvåbekk (Bykle gnr 15/114)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skvåbekk
Gjerden 70b.jpg
Skvåbekk pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1995
Utskilt: 1994
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 114
Type: Bustadeigedom

Skvåbekk er ein bustadeigedom i Bykle. Ein gamal kvinnbekk i terrenget ovanfor bygdeheimen har gjeve namnet til denne tomta i Øvre Sarv. Ho vart utskilt frå bnr 105 i 1994, då Vidar Domaas kaupte henne hjå Bykle kommune. Han og familien hans flutte inn i nytt hus her året etter.

  • Vidar Domaas, f 1950
g 1971 m Helga Killingtveit, f 1950. Born:
  • Lars Erik, f 1972, sjå Myrli, gnr 15, bnr 84
  • Espen, f 1975, ing., busett Grimstad, sb m Heidi Therese Isene, Måløy, f 1974, 1. barn

Helga Domaas er frå Rauland, og dotter åt Erling Killingtveit og kona, Margit, fødd Brendemo. Ho arbeider som kontorleiar på vindaugsfabrikken.

Vidar er frå Veblungsnes i Rauma, og son åt Lars Domaas og kona, Margrethe fødd Sæther. Han er mekanikar og arbeider som vedlikehaldsformann for Agder Energi.

Familien Domaas kom til Bykle i 1983. Dei hadde tidlegare budd i Lier, der Vidar hadde vore tilsett i Thune-Eureka.


0941 Bykle komm.png Skvåbekk (Bykle gnr 15/114) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjårlii 1 • Neste bolk: Sarvskroken 5