Bjårlii 16-18 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjårlii 16-18
Gjerden 68.jpg
Bjårlii 16-18 pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1980
Utskilt: 1999
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 126
Type: Bustadeigedom
Gateadresse: Bjårlii 16-18

Bjårlii 16-18 er eit kommunalt hus frå kring 1979-80. Kven som har budd her dei fyrste åra huset var i bruk har me ikkje oversikt over, men iallfall var Jarle Knutsen og Aina Velde her i åra frå 1991 til 1994. I 1995-96 budde Steinar Lundgren her, og i 1997-99 Sveinung Nielsen. I 1999 kaupte Eivind Andre Moe huset av kommunen:

  • Eivind Andre Moe, f 1967

Eivind Andre Moe er frå Gjøvdal og son åt Gunhild og Olav S. Mo. Han arbeider som lærar i ungdomsskulen, og har vore i Bykle sidan 1993. Tidlegare har han ma. budd i Bjårlii 21-23, bnr 109.

I sokkeletasjen budde Linda Halvorsen frå 1994 til 2000, frå 1996 saman med Beate Madsen. Dei bur nå i Bjårlii 20, og får nærare omtale der.

Den neste til å bu her var etter det me kan sjå:

  • Torill Landrø, f 1971

Torill er frå Lensvik i Sør-Trøndelag. Ho var personleg assistent for Magnhild Skagestad frå hausten 1997 til våren 2001. I denne tida budde ho fyrst ei stund i Øvre Sarv nr 1, sidan her, og sistpå i sokkeletasjen hjå Ingebjørg Mosdøl. Våren 2001 flutte ho attende til Lensvik.

Den neste me kjenner til har vore her flutte inn like fyre jol 2002, og bur her framleis (2006).

  • Kjetil Midtgarden, f 1973

Kjetil er frå Mo, og son åt Olav og Signe Midtgarden. Han arbeider i Bykle kommune, steller med renovasjon, og tek seg elles av dei kommunale grøntareala.


0941 Bykle komm.png Bjårlii 16-18 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjårlii 12-14 • Neste bolk: Bjårlii 20

Koordinater: 59.35598295° N 7.3480801° Ø