Bjårlii 21-23 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjårlii 21-23
Alt. namn: Bjårlii tomt 14
Rydda: 1989
Utskilt: 1999
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 109
Type: Bustadeigedom
Gateadresse: Bjårlii 21-23

Bjårlii 21-23 i Bykle ligg like nedanfor Bjårlii 15. Tomta vart utskild frå bnr 106 våren 1990. Bykle kommune hadde sett opp eit hus med to leilighetar her her i 1988/89, og har hatt det til gjennomgangsbustad.

Den fyrste til å bu i nr 21 var Finn Qvale, som var her til 1991. Han vert nærare omtala i bolken om det huset han sidan kaupte, Kyrkjelii 8, gnr 13, bnr 32.

Etter Qvale kom Liv Flateland Flaa, og budde her eit par år. Henne finn ein noko lite meir om i bolken om Bjårlii 10, der ho sidan budde.

Frå hausten 1993 budde Siv Kristin Jeiskeli her ei stund. Ho vert nærare omtala i bolken om Glidbjørg, der ho nå bur.

Den neste me veit om var her er Torunn Breive, som budde her eit år frå hausten 1997. Sidan flutte ho til Listog, gnr 14, bnr 54, og dinest vidare til Nordheim, gnr 3, bnr 19. Det står noko lite meir om henne i bolken om den verestaden.

I 1999 kaupte Eivind Andre Moe huset av kommunen, men selde det same året attende, og kaupte att Bjårlii 16-18, bnr 126, fluttte dit og bur der framleis. Han vert nærare presentert der.

Etter dette får me truleg eit hol i kronologien, men i 2004 flutte Anette Trydal hit frå Øvre Åsen, bnr 13. Det står noko lite meir om henne i avsnittet om den verestaden.

Frå Bjårlii 23 har me berre nokre få namn og innflytjingsdatoar:

  • Christensen, Eva 1.7.1991
  • Nielsen, Siv Anita 1.8.1993
  • Moe, Irene 15.2.1994
  • Heimdal, Eli 1.12.1996

Av desse har me berre funne att Irene Moe, fødd 1953, som 2003 bur i Åraksbø. Ho arbeidde i barnehagen ei stund i 1994. Etter at ho flutte frå Bykle sumaren 1994 har ho teke lærarutdanning.


0941 Bykle komm.png Bjårlii 21-23 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjårlii 20 • Neste bolk: Bjårlii 15

Koordinater: 59.35554613° N 7.34901396° Ø