Stigamoen under Trydal
Stigamoen var eit gamalt støylsområde sør for Trydalstjønni i Bykle kommune, på eidet mellom Motjønni og Åsmundshyl. Det var dela ved Løkjebekken, slik at det som låg ovanfor eller nordanfor bekken vart kalla Øvre Moen og høyrde til Nordstog Trydal, medan Ytre Moen, som høyrde til Der inne, låg nedanfor eller sunnanfor.
Stigamoen | |
---|---|
Alt. namn: | Stigamoen under Nordstog Trydal og Stigamoen under Trydal Der inne |
Stad: | Trydal |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 17 |
Type: | Husmannsplassar |
Akkurat kva tid desse støylane vart tekne i bruk til bustader og plassar let seg ikkje finne ut, men iallfall vart Øvre Moen fyrst busett ein gong mellom 1762 og 1775. Ytre Moen vart så vidt me kan sjå ikkje busett fyrr mot slutten av 1820-åra.
Stigamoen under Trydal er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |