Stoklandvegen
Stoklandvegen på Stoklandheia i Bø i Midt-Telemark kommune går vestover frå Vatnarvegen ved Jørgedal, krysser Lonåa på Jørgedal bru og endar ved garden Røysland på 465 moh. Han er om lag 3,1 kilometer lang og går for det meste i skogsterreng. Vegen har fleire stikkvegar til gardane på heia.
Vegen har namn etter Stoklandgardane og blei namnsett i 1988.
Stoklandheia er heidraget frå Åsekollen nordover mot Vatnar, vest for Lonaråa.
Eigedomar
- Nr. 53: Jørgedal (gnr. 14/1)
- Nr. 55: Jørgedal (gnr. 14/2)
- Nr. 93: Dalen (gnr. 14/4)
- Nr. 139: Tveiten
- Nr. 154, 156: Tveiten (gnr. 15/14)
- Nr. 158, 160: Tveiten (Plassen) (gnr. 15/10)
- Nr. 165: Tveiten (Plassen) (gnr. 15/17)
- Nr. 170: Tveiten nordre (gnr. 15/24)
- Nr. 221: Stokland (gnr. 15/1)
- Nr. 238: Stokland (gnr. 15/2)
- Nr. 240: Stokland (gnr. 15/7)
- Nr. 250: Glakollkåsine (Utskilt husestad (gnr. 15/68 fra gnr. 15/15)
- Nr. 256: Orebakken søndre (gnr. 15/19)
- Nr. 258: Utskilt husestad (gnr. 15/66) fra Orebakken søndre
- Nr. 260: Orebakken nordre (gnr. 15/20)
- Nr. 310: Røysland (gnr. 15/9)
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart.
- Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid.