Strømme konfeksjonsfabrikk
Strømme konfeksjonsfabrikk vart etablert i 1962 av Thomas Strømme og sonen Børre Strømme. Thomas Strømme hadde då vore i konfeksjonsbransjen i 42 år, og frå 1932 hadde han vore i lag med svogeren Paul Furseth i P. Furseth konfeksjonsfabrikk. Strømme konfeksjonsfabrikk heldt frå starten til i dei same lokala på Klokkehaugen i Sykkylven som P. Furseth konfeksjonsfabrikk hadde vore.
Strømme Konfeksjonsfabrikk kom til i ei vanskeleg tid for den heimlege konfeksjonsnæringa. Det var vanleg å høyre om teko-verksemder som vart nedlagde. Sjeldnare kom det melding om nyetableringar innan bransjen.
Bedrifta spesialiserte seg på å sy uniformer. På dette området var det vanskeleg for produsentar i lågkostland å konkurrere her i landet. Produksjonsforma krevde nær kontakt mellom oppdragsgjevar og fabrikant.
Første tida laga dei mest musikkuniformer. Sidan kom yrkesuniformer sterkare inn i biletet. Det var markante sesongsvingningar i produksjonen av musikkuniformer. Slike uniformer vart som regel tinga til levering før mai.
Strømme Konfeksjonsfabrikk heldt heile tida ved like produksjonen av herreklede, m.a. for å jamne ut desse sesongvariasjonane. Dei tilsette i 1983 eigen modellør med ansvar for produktutviklinga i denne avdelinga. Bedrifta tok del i motemesser med kolleksjonen sin.
Verksemda flytta i 1977 inn i nye produksjonslokale på 700 m2 nær Aure sentrum.
I 1984 opna Strømme Konfeksjonsfabrikk eigen klesbutikk på 250 m2 i Holen-bygget på Aure. Her har dei også selt moteklede av andre merke.
Same året utvida bedrifta produksjonslokala ved å bygge på fabrikken ein etasje. Dei disponerte etter utvidinga 1400 m2 golvflate, og bedrifta hadde 35 tilsette.
Fram mot 1990 stagnerte etterspurnaden etter musikkuniformer noko. På grunn av innstrammingar var det mange musikkorps som utsette planlagde uniformskjøp. Det kompenserte bedrifta eit stykke på veg ved å auke salet på yrkesuniformer. Strømme Konfeksjonsfabrikk hadde leveransar til offentlege etatar og private selskap, t.d. bankar. Uniformsdelen utgjorde i 1990 70 % av bedrifta sitt produksjonsvolum. Frå 1.januar 1990 vart bedriftsnamnet forkorta til Strømme Konfeksjon A/S.
I 1994 selde Strømme-familien bedrifta til Strakofa på Stranda, men berre to år seinare vart verksemda avvikla og dei tolv tilsette måtte søkje anna sysselsetjing. Butikkdrifta førte Strømme-familien vidare.
Det tidlegare produksjonsbygget til Strømme konfeksjonsfabrikk har dei seinaste åra vore utleigd til andre. Frå 2000 har Norsk Møbelfaglig Senter halde til her. Elles er sekretariata for Sykkylven handelsforeining, Sykkylven Næringsutvikling, Sykkylven bustadselskap og Opplæringskontoret for møbelindustrien i Møre og Romsdal lokaliserte hit. Det er også Møbellaboratoriet. Huset går i dag under namnet Næringens hus.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket