Susanne Bernhoft

Susanne Bernhoft, i ekteskap først Friderichsen, siden Heide (fødd 1777, død 11. februar 1822 i Kolvereid), var prestekone.

Susanne var datter av sokneprest Fredrik Christian Vogt Bernhoft og Dorothea Anthonette von Hadeln, ho var den tredje av i alt åtte søsken. Hennar to eldre søstre vart også gift med prestar.[1]

Foreldra vart gift i 1772, og faren vart sokneprest i Nesna prestegjeld i 1776. Hun vart gift med faren sin etterfølger på Nesna, Jacob Friderichsen, og dei fekk i følge Erlandsen seks barn i lag:[2]

  1. Jacobine, fødd 21. desember 1806, gift 13. januar 1830 med major Abraham Schjelderup Schulz (fødd 22. juli 1786).
  2. Karen, fødd 21. desember 1805
  3. Petrine Fredrikke, gift med Christian Qvale, sokneprest i Nesna og Vefsn prestegjeld.
  4. Oline
  5. Theodor
  6. Jørgen

Theodor og Jørgen var i følge Erlandsen «Lieutenanter i dansk Tjeneste».


Friderichsen døyde 1. september 1809. 8. september 1816 vart ho gift med skipper Simon Wolff Heide. Hennar død 11. februar 1822 er dokumentert i Ministerialbok for Kolvereid prestegjeld, Leka sokn.[3]

Kilder

Referanser

  1. Erlandsen 1857 s.163
  2. Erlandsen s.49 I historisk befolkningsregister finner jeg bare tre barn, Karen, Friderick og Jacob
  3. Susanne Hejde Bernhoft i Ministerialbok for Kolvereid prestegjeld, Leka sokn 1815-1829 fra Digitalarkivet. (Navnet er feil skannet, med håndskrift står det Susanne Heide, født Bernhoft)


Artikkelen Susanne Bernhoft er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.