Sverdmyrbakken

SverdmyrbakkenHørte i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå krysset med Verksvegen og Furuheimvegen, kryssar Hørteåa på Bergingsbru og møter Mannebruvegen i krysset med Gåravegen. Han er om lag 1 065 meter lang og er ein del av fylkesveg 3338 (tidl. fv 151).

Sverdmyrbakken på Hørte med nr. 60, Smedstuen og 62, Myra.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter garden Sverdmyr (gnr. 188/11) og blei namnsett i 1999.

Tidlegare endte vegen ved kommunegrensa mot Bø noko nord for Hvitsandvegen. Endringa skjedde i 2018 i samband med den foreståande kommunesamanslåinga av og Sauherad i 2020.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing, 2018.


Koordinater: 59.42158° N 9.13016° Ø