Ufsvegen
Ufsvegen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går nordover frå Vatnarvegen ved Dansarberga på Folkestad til dei to gardane Ufs og Vesle-Ufs. Han er om lag 360 meter lang og går gjennom skog med innslag av jordbrukslandskap.
Vegen har namn etter Ufsgardane og blei namnsett i 1996.
- Nr. 28, 30: Ufs (gnr. 10/5) var opphavleg husmannsplass under Framistugu Eika frå fyrste halvdel av 1800-talet som blei sjølvstendig bruk i 1900.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bøsoga, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid. Bø kommune 1986.