Ytre Sogn
Denne artikkelen bør oppdateres. Se evt. diskusjonssiden for merknader.
Ytre Sogn er eit distrikt i Sogn i Vestland fylke, som femnar om dei fem kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger og Vik i tillegg til Balestrand i Sogndal kommune – det vil seie bygdene langs den ytre delen av Sognefjorden.
Ytre Sogn tingrett dekkar i tillegg til desse kommunane òg Leikanger. Ytre Sogn futedøme hadde med Leikanger og Aurland. Distriktet var fram til 2003 samanfallande med Ytre Sogn prosti i Den norske kyrkja. Det vart i 2013 delt mellom Sogn prosti (Balestrand og Vik), Sunnfjord prosti (Hyllestad og Høyanger) og Nordhordland prosti (Gulen og Solund).
Det er to tettstader med meir enn 1000 innbyggjarar i Ytre Sogn: Høyanger med 2164 (pr. 2015) og Viksøyri med 1197 (pr. 2015).