Árran (Tysfjord)

Árranjulevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. I tillegg har NRK Sápmi lokalkontor der, og Sametinget sin administrasjon har kontorer.

Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.

Pekarar