Åkerstølane (Ustaoset)

Sideversjon per 26. mar. 2015 kl. 23:05 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (tilføy.)

Åkerstølane ligg på nordsida av Åkerstølåni på Ustaoset, Hol kommune. Eigedomen strekk seg frå Gampetjørne i sør til Tvergasteintjørne i nord.

Ruinar etter steinbu vest for Øvre Åkerstølen. Hallingskarvet i bakgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2012)
Ruinar etter steinbu på Nedre Åkerstølen. Åkerstøltjørni i bakgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2013)
Øvre Åkerstølen, med ruinar etter ei steinbu i framgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2012)
Hytta Tvergastein, som Arne Næss fekk bygd oppunder Hallingskarvet i 1937, skal vere den høgastliggjande privathytta i nord-Europa. Den ligg på 1505 moh og er eit ynda turmål både sumar og vinter. Klatrehytta Skarvereiret, på 1749 moh, kan skimtast rett opp for vindauget heilt til venstre.
Foto: Morten Wiig Letnes (2014)

Ved gardssyn i 1751 var Åkerstølen ført opp som langstøl til søre Foss, Lio. Nordre Foss må også ha hatt ein del av stølen, for i 1801 gjekk Sjugurd Olson nordre Foss og Elling Ellingson søre Foss til felles sak mot grannane på Sand-gardane i Kvisla, som hadde late dyra sine beite på Åkerstølvollane. Tre år etter var det igjen strid om Åkerstølen. Da vart far til Sjugurd, Ola Knutson nordre Foss, stemnd for forlikskommisjonen av Eirik Vebjørnson Solheim. Ola skal ha selt sin del av Åkerstølen til Eirik, men ville ikkje kjennes ved dette.

Kitil Johannesson nordre Foss var gjetargut på Åkerstølen kring 1858. Han minnest at dei buførte til støls med vogn til "juvo" (truleg Juvidn aust for Såballie) og med kløv derifrå. Mora reid i tverrsal. Den tid eigde farbroren, Ola Kitilson Fosshaugen, øvre Åkerstølen (55/8). Denne låg voll i voll med nordre Foss sin del (55/7). Sør for den att låg Øynegjerda (55/10) som også høyrde til nordre Foss. I 1860 drog Kitil til Amerika saman med syskena og foreldra Sigrid og Johannes Kitilson. Nordre Foss med stølar vart året før selt til Eivind Pålson Nedremyr, som også reiste til Amerika med familien.[1]

I 1881 kjøpte Asle Arneson frå nordre Trøgaton nordre Foss, medan broren Ola kjøpte Fosshaugen i 1879. Dei to gjorde eit makeskifte i 1909 og fekk etter dette like stor del i felleshamna til Åkerstølen. Ola sette opp ei trebu på øvre Åkerstølen, som sonen Pål seinare flutte lenger opp i bakken og bygde ut. Pål og grannane bygde også køyreveg til stølane frå riksvegen langs med Øyneåni og fram til Embretstøltjørni.

Nordre Foss støla på nedre Åkerstølen til tidleg på 1960-talet, medan Fosshaugen framleis driv på øvre Åkerstølen (2013). I tillegg til trebuer, -fjøs og –løer, står det minst to steinbuer og fleire steingjerder på vollane. Bua til nordre Foss vart i 2012 bygd om og opna i romjula same år servering for turistar.

Tvergastein og Arne Næss

Det var frå sameiga til Åkerstølane og nedre Uren at filosofen Arne Næss (1912-2009) kjøpte seg ei tomt på eitt mål i 1937. Frå han var liten hadde han feriert på hytta "Trio", som mora Christine Dekke eigde nede i sentrum av Ustaoset. Hytta Tvergastein vart bygd på 1505 moh, på ei hylle oppunder Hallingskarvet mellom Tvergasteintjørne og Eimeskaret. Frå Åkerstølen går det sti opp til hytta. Lokalbefolkninga kalla det galskap, skriv Næss i "biografien" om Hallingskarvet, Det gode lange livs far. Men dei hjalp han likevel med å realisere prosjektet. Olav Vindegg på Ustaoset (1903-1966) køyrde byggematerialane opp på vinterstid. Det vart 62 turar i ulendt terreng og på ymse føre. "Det var et slit både for ham og de tre hestene," skriv Næss. Bror til Olav, Svein Vindegg (1908-2001), sette opp hytta og snikra også slikt som bokhyller, lufttette skap og eit "tredimensjonelt, euklidisk koordinatsystem".[2]

Til å byggje klatrehytta Skarvereiret, rett under overkanten av Storestupet, kunne ikkje Næss bruke lokale snikkarar, men fekk hjelp av klatrevener. Det enda tragisk med at ein av dei, Boss Walther, fall utfor og omkom (1938). Prosjektet vart lagt på is, men nokre år seinare (1942), sette Næss likevel opp klatrehytta, denne gongen på eiga hand. Den uisolerte plankehytta ligg på 1749 moh og tener som basehytte for klatresport.

Næss inviterte filosofar og andre gjester frå heile verda til Tvergastein, og fastbuande på Ustaoset frakta både mat og folk opp dit. Hytta er idag (2013) i Stiftelsen Tvergastein sitt eige.[3]

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Referansar

  1. Kitil J. Foss, 1922.
  2. Næss, s. 24 og 32-33
  3. Brønnøysundregisteret

Kjelder