Åmland (Kvinesdal gnr. 176): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Har lest korrektur og lagt inn referansar)
m (Korrektur)
Linje 110: Linje 110:
|}
|}
== Kulturminne ==
== Kulturminne ==
På Fjotland bygdemuseum står det gamle gardshuset på bruk 1, det sokalla [[Åmlandshuset]]. Huset blei mest truleg reist etter brannen i 1768, i tida då Jesper Knutsson og Ingeborg Didriksdotter heldt til her. Ein del av tømmeret kan ha stamma frå det huset som brann og kan vera mykje eldre. Huset er eit eksempel på ein midtkammerbygning i renessansestil, som blei vanleg i Noreg utover på 1700-talet. Ein kjem inn i ein trappegang som har eit rom på kvar side (stove og kjøkken) og trapp opp til andre høgda.
På Fjotland bygdemuseum står det gamle gardshuset på bruk 1, det såkalla [[Åmlandshuset]]. Huset blei mest truleg reist etter brannen i 1768, i tida då Jesper Knutsson og Ingeborg Didriksdotter heldt til her. Ein del av tømmeret kan ha stamma frå det huset som brann og kan vera mykje eldre. Huset er eit eksempel på ein midtkammerbygning i renessansestil, som blei vanleg i Noreg utover på 1700-talet. Ein kjem inn i ein trappegang som har eit rom på kvar side (stove og kjøkken) og trapp opp til andre høgda.

Huset blei innvigd på Fjotland bygdemuseum i 1997 og markerte med det opninga av museet.
Huset blei innvigd på Fjotland bygdemuseum i 1997 og markerte med det opninga av museet.
Linje 120: Linje 120:
I bekken som renn mellom Øvre og Nedre Åmlandsvatn står ei kvern som blei restaurert av Ingvart Galdal på byrjinga av 2000-talet. Der blei det male korn siste gongen i 1940. Kverna nedanfor – som høyrde til Sandvik og det andre bruket på Åmland – blei halden i gong gjennom heile den siste verdskrigen og fram til ca. 1950. Det er òg restar etter ei vassag nedst i vassdraget.

===== '''Matrikkelinformasjon''' =====
====='''Matrikkelinformasjon'''=====
{| class="wikitable"
{| class="wikitable"
|
|
Linje 143: Linje 143:
|-
|-
|Skuld
|Skuld
|1 ½ h 2 eng
| 1 ½ h 2 eng
|1 ½ h
| 1 ½ h
|1 ½ h
| 1 ½ h
|1h 6 eng
|1h 6 eng
|1 h 6 eng
| 1 h 6 eng
|3 d 6 ort 59 sk
| 3 d 6 ort 59 sk
|
|
|<nowiki>-</nowiki>
|<nowiki>-</nowiki>
Linje 164: Linje 164:
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar

== Eigedomsforhold ==
==Eigedomsforhold==
Første gongen me får høyra om Åmland er i jordeboka frå 1617. Der står garden skriven med 1 ½ hud og 2 engelsk i skuld. Me får òg vita at eigarane er Eju [Øyu] som òg er brukar og «Olluf Backe» [Olav Bakke], med respektive 14 engelsk og 18 engelsk. Tretti år seinare hadde både tal på bruk og tal på eigarar auka, og Åmland hadde blitt plassert i øydegardsgruppa.

[rammetekst] På 15- og 1600-talet hadde ein tre skatteklassar; fullgardar, halvgardar og øydegardar. Kvar klasse hadde ein fast takst som gardane i dei einskilde klassane skulle svara for. Øydegardsklassa hadde den lågaste taksten og blei i utgangspunktet oppretta for at eigarane av gardar som hadde blitt lagt aude i seinmellomalderen, skulle få motivasjon for å rydda dei opp att. Dette statiske systemet hadde store veikskapar og det var mellom anna liten samanheng mellom gardens produksjonsvolum og kva klasse garden blei skriven inn i. I 1639 bestemte ein derfor at skatten skulle bli utlikna på skulda, som var det næraste ein hadde ein takst som kunne seia noko om den relative størrelsen på gardane. Fleire gardar skifta derfor skatteklasse i 1639, og mange såkalla halvgardar blei skrivne som øydegardar. [/rammetekst]
På 15- og 1600-talet hadde ein tre skatteklassar; fullgardar, halvgardar og øydegardar. Kvar klasse hadde ein fast takst som gardane i dei einskilde klassane skulle svara for. Øydegardsklassa hadde den lågaste taksten og blei i utgangspunktet oppretta for at eigarane av gardar som hadde blitt lagt aude i seinmellomalderen, skulle få motivasjon for å rydda dei opp att. Dette statiske systemet hadde store veikskapar og det var mellom anna liten samanheng mellom gardens produksjonsvolum og kva klasse garden blei skriven inn i. I 1639 bestemte ein derfor at skatten skulle bli utlikna på skulda, som var det næraste ein hadde ein takst som kunne seia noko om den relative størrelsen på gardane. Fleire gardar skifta derfor skatteklasse i 1639, og mange såkalla halvgardar blei skrivne som øydegardar.

I 1647 var dei tre brukarar som eigde kvar sin tredel. Skulda var sett ned til 1 ½ huder og altså skriven som øydegard, og Tjøl, Knut og Annbjørn eigde då ½ hud kvar.
I 1647 var dei tre brukarar som eigde kvar sin tredel. Skulda var sett ned til 1 ½ huder og altså skriven som øydegard, og Tjøl, Knut og Annbjørn eigde då ½ hud kvar.
Linje 173: Linje 173:
15. oktober 1647 brann det på Åmland. Tingsvitnet på Feda tingstad same haust fortel om at dei tre oppsitjarane sat fattige tilbake og ikkje hadde høve til å betale skatten det året. Men – truleg med hjelp og støtte av gode naboar – fekk dei reist garden att. Garden var framleis i bondeeige i 1723.

==Bruk og eigedomar==
==Bruk og eigedomar ==

{| class="wikitable"
{| class="wikitable"
! Bnr.!! Bruksnamn  
!Bnr.!!Bruksnamn
!Adresse!! Type eigedom !! Utskild frå !! Matrikulert !! Løpenr. (før 1886) !! Skyld 1950 !! Eigar 1886 !! Eigar 1950  
!Adresse !!Type eigedom!!Utskild frå!!Matrikulert!!Løpenr. (før 1886)!!Skyld 1950 !!Eigar 1886!!Eigar 1950
|-
|-
| 1 || Åmland  
|1||Åmland
|Åmlandsvegen 375|| Gardseigedom
|Åmlandsvegen 375||Gardseigedom
| ||  || 655 || 1 mark 53 øre || Markus Markussen || Ingvart T. Galdal  
| ||  ||655||1 mark 53 øre || Markus Markussen ||Ingvart T. Galdal
|-
|-
| 2 || Åmland  
|2 ||Åmland
|Åmlandsvegen 384||Gardseigedom|| || || 656a1a, b1, 657a || 2 mark 29 øre || Jon Larsen || Torje O. Omland  
|Åmlandsvegen 384||Gardseigedom|| || ||656a1a, b1, 657a||2 mark 29 øre||Jon Larsen|| Torje O. Omland
|-
|-
| 3 || Åmland  
|3||Åmland
|Åmlandsvegen 394|| Gardseigedom
|Åmlandsvegen 394||Gardseigedom
| bruk 2 || 1864 || 656a1b, b2, 657b || 0 mark 78 øre || Jon Larsen || Andreas G. Eftestøl  
|bruk 2|| 1864||656a1b, b2, 657b||0 mark 78 øre||Jon Larsen|| Andreas G. Eftestøl
|-
|-
| 4 || Åmland  
|4||Åmland
||| || bruk 2 || 1864 || 656a1c, a2, b3, 657c || 0 mark 24 øre || Tønnes Elias Kiddelsen || Andreas G. Eftestøl  
| || ||bruk 2||1864||656a1c, a2, b3, 657c||0 mark 24 øre||Tønnes Elias Kiddelsen||Andreas G. Eftestøl
|-
|-
| 5 || Koddebak  
|5||Koddebak
||| Gardseigedom
| ||Gardseigedom
| bruk 1 || 1890 || || 0 mark 08 øre ||  || Trygve Larsen  
|bruk 1|| 1890|| ||0 mark 08 øre||  || Trygve Larsen
|-
|-
| [[Kvinesdal gnr. 176/7|7]] || [[Sandvik (Kvinesdal gnr. 176/7)|Sandvik]]  
|[[Kvinesdal gnr. 176/7|7]]||[[Sandvik (Kvinesdal gnr. 176/7)|Sandvik]]
|Åmlandsvegen 302 og 304|| Gardseigedom
|Åmlandsvegen 302 og 304 ||Gardseigedom
| bruk 3 || 1909 || || 1 mark 24 øre ||  || Gunnar Knabenes  
|bruk 3|| 1909|| ||1 mark 24 øre||  || Gunnar Knabenes
|-
|-
| 10 || Myren  
| 10||Myren
|Åmlandsvegen 283||Gardseigedom|| bruk 3 || 1925 || || 0 mark 02 øre ||  ||
|Åmlandsvegen 283||Gardseigedom||bruk 3||1925|| ||0 mark 02 øre||  ||  
|-
|-
| 17 || Haugetun  
|17 || Haugetun
|Åmlandsvegen 279||Gardseigedom|| bruk 4 || 2003 || || ||  ||
|Åmlandsvegen 279||Gardseigedom||bruk 4||2003|| || ||  ||
|-
|-
| 18 ||
|18||
|Åmlandsvegen 318|| Bustad
|Åmlandsvegen 318 || Bustad
| bruk 7 || 2005 || || ||  ||
|bruk 7|| 2005|| || ||  ||
|}
|}

Linje 216: Linje 216:
[[kategori:Fjotland]]
[[kategori:Fjotland]]
{{nn}}{{Kvinesdal bygdebok nn}}
{{nn}}{{Kvinesdal bygdebok nn}}
<references />

Sideversjonen fra 6. sep. 2021 kl. 13:30

Åmland
Alt. namn: Aamland øvre (1886)
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 176
Ant. bruksnr.: 17 (2018)

Åmland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 176, og hadde tidlegare gnr. 7 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 178 og gamalt matrikkelnummer 297.

Geografi

Bruka på Åmland slyngjer seg tett inntil og rundt nord-, aust- og sørsida av Nedre Åmlandsvatnet. Utmarka breier seg òg ut i dei tre himmelretningane. I vest grensar garden til Homme i ei rett line frå nord i Reinsdalen til vestsida av Nedre Åmlandsvatnet. Etter å ha følgt Tjødne eit lite stykke går grensa sørover til Åmlandsvegen som ho følgjer eit lite stykkje før ho går søraustover til skiftet med Knibestøl. Herfrå går grensa austover til Høydalsheia, og følgjer skiftet med Høydalen til Myglands utmark, mest ned til dagens Fjotlandsvegen. Herfrå går grensa nordover til Rusteli og følgjer skiftet med Åsen tilbake til Reinsdalen.

Hovudbølet ligg sørvendt mot vatnet og under fjell, medan Sandvik ligg på andre sida av Nedre Åmlandsvatnet.

Gardsnamnet

Første ledd i gardsnamnet kjem av namnet på treslaget Alm. I talemålet på Agder og i Telemark blir Alm til åm.[1] Ein finn same avkorta forma i til dømes Åmli og Omdal.[2]

Andre ledd, –land, tyder ei dyrka mark/eng eller ekre og kan peika på at Åmland var eit stykke som blei skilt ut frå ei større gardseining. Dei fleste –landgardane blei rydda i ekspansjonstida i nyare jernalder, merovingar- og vikingtid (500-800 e. Kr.). Agder og Rogaland har den tettaste konsentrasjonen av –landgardar i Noreg, noko som tyder på stor nyryddingsaktivitet her i denne perioden. Ein finn òg –landgardar i Sverige, på Island, på Shetland og på Orknøyene.[3]

I Fjotland og Kvinesdal finn ein dessutan fleire døme på –landgardar med treslag som første ledd; Eikeland og Lindeland.

Åmland har blitt oppført med tillegget «øvre», for å skilja garden frå Store og Lille Åmland i Kvinesdal. Dei tre gardane låg alle fram til 1670 i Liknes sokn. Ei vanleg skriveform har vore med O; Omland (bl.a. 1594 og 1619) eller Øffre Omland (1647, 1723). I 1665 Øfre Ombland. På 1800-talet blei namnet skrive Aamland øvre (1838, 1886). I dag er normert skriveform Åmland.

Under Åmland ligg òg garden Sandvik. Namnet er sett saman av ledda Sand– og –vik og er eit vanleg landskapsnamn mange stadar i Noreg.

Namn i innmark og utmark

I heia over Åmland ligg fjellet «Spannsheddå». Det blir fortalt at der måtte dei «gå opp med eit spann smør kvar joleftan so ho ikkje skulde detta ned».

Elles kjem det fram ein frodig namngjevingstradisjon gjennom namna ein finn i innmarka. Innmarka var viktig produksjonsområde og namna dveler ved kvaliteten på dei ulike teigane og relasjonen til andre einingar. På Åmland rekna ein i 1932 åkrane Vassågren, Plassågren, Bruågren, Muttflekk, Raudaflekk, Åsågren, Stolpågren, Badstuågren, Skorågren, Grådarteigjen, Adelsegrå og Seljægrå. Av ekrer (eng/attlege) hadde ein Kåsen, Dalegrå, Drølda, Fupten og Kjølsjætta. Namna blei innsamla av Margit Fjotland som var 13 år i 1932.[4]

Livsgrunnlag

Åmlandshuset kom opp på Fjotland bygdemuseum i 1997

Sjølv om garden i 1723 blei omtala som «tungvunnen», blei Åmland rekna for ein god korngard.[5] Same år – og i 1661 – hadde dei i følgje den offisielle verdsetjinga, skog nok til oppvarming og matlaging, men ikkje for sal. Dei hadde heller ingen støl. Dette kan sjølvsagt i røynda ha vore annleis. Vidare blei garden registrert med ei flaumkvern i 1661 og i 1723, men utan skatteverdig uttak av fisk frå elv og tjern. Garden vart i 1802, i likskap med dei fleste andre gardane i Fjotland, verdsett til 420 riksdalar pr. hud.

Det var ein auke på omkring det dobbelte i det som blei sådd ut i dei to hundreåra frå 1665 til 1865, frå 3 ¾ tønner til 8 ¾ tønner korn. Folltalet blei i 1802 rekna til 5, noko som relativt sett var bra samanlikna med dei andre gardane i Fjotland.  Enno betre var formeringa av jordeple, her nådde ein eit folltal på mellom 7 og 8. Auken i jordeplesettinga var også stor, frå 9 tønner i 1802 til 19 tønner i 1865. Med eit folltal på 8 kan ein rekna ei auke frå 72 tønner til 152 tønner innhausta jordeple, samstundes med at folketalet heldt seg nærast uendra. Denne perioden er særmerkt på grunn av dei store endringane som skjedde i jordbruket over heile landet, med nye dyrkingsmetodar og nye reiskapar.

Med auka produksjon i korn- og grasdrifta gjekk tala på husdyr òg opp på Åmland. Dei hadde nytta hest i jordbruket sidan 1600-talet, og i 1865 er dei registrert med to hestar. Krøtterhaldet auka òg, men ikkje like mykje som andre stader.

1665 1723 1865 1939
Korn 3 ¾ t 7 t 8 ¾ t
Jordeple - - 19
Hestar 1 1 2
Storfe 9 10 18
Småfe 12 20 67

Folketal

Folketalet på Åmland var stabilt, men minka utover mot hundreårskiftet.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
6M 23 24 16

Kulturminne

På Fjotland bygdemuseum står det gamle gardshuset på bruk 1, det såkalla Åmlandshuset. Huset blei mest truleg reist etter brannen i 1768, i tida då Jesper Knutsson og Ingeborg Didriksdotter heldt til her. Ein del av tømmeret kan ha stamma frå det huset som brann og kan vera mykje eldre. Huset er eit eksempel på ein midtkammerbygning i renessansestil, som blei vanleg i Noreg utover på 1700-talet. Ein kjem inn i ein trappegang som har eit rom på kvar side (stove og kjøkken) og trapp opp til andre høgda.

Huset blei innvigd på Fjotland bygdemuseum i 1997 og markerte med det opninga av museet.

Den gamle kyrkje- og ridevegen frå Helle til Fjotland gjekk over Åmland mellom Homme og Åsen. Han blei rusta opp då Fjotland kyrkje stod ferdig i 1670. Vegen er også ein del av kulturminnet og vandreruta «Kvinesdalsvegen som rideveg». Vegen blei lagd ned i 1908, og så nytta som lokal gardsveg fram til 1954. Mellom Saurfid og Åmland kryssa vegen Saurfidbekken over Rasmusbrauna. Brukara står framleis i dag. Det kom også ein veg frå Knibestøl over Sandvik og Åmland inn på den gamle kyrkjevegen til Fjotland.

Ein finn restar etter endå eit veganlegg i Reinsdalen.

I bekken som renn mellom Øvre og Nedre Åmlandsvatn står ei kvern som blei restaurert av Ingvart Galdal på byrjinga av 2000-talet. Der blei det male korn siste gongen i 1940. Kverna nedanfor – som høyrde til Sandvik og det andre bruket på Åmland – blei halden i gong gjennom heile den siste verdskrigen og fram til ca. 1950. Det er òg restar etter ei vassag nedst i vassdraget.

Matrikkelinformasjon
1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 52 297 178 7 7 176
Skuld 1 ½ h 2 eng 1 ½ h 1 ½ h 1h 6 eng 1 h 6 eng 3 d 6 ort 59 sk -
Tal på  bruk 2* 3* 3 3 4 11 19

*tal på oppsitjarar

Eigedomsforhold

Første gongen me får høyra om Åmland er i jordeboka frå 1617. Der står garden skriven med 1 ½ hud og 2 engelsk i skuld. Me får òg vita at eigarane er Eju [Øyu] som òg er brukar og «Olluf Backe» [Olav Bakke], med respektive 14 engelsk og 18 engelsk. Tretti år seinare hadde både tal på bruk og tal på eigarar auka, og Åmland hadde blitt plassert i øydegardsgruppa.

På 15- og 1600-talet hadde ein tre skatteklassar; fullgardar, halvgardar og øydegardar. Kvar klasse hadde ein fast takst som gardane i dei einskilde klassane skulle svara for. Øydegardsklassa hadde den lågaste taksten og blei i utgangspunktet oppretta for at eigarane av gardar som hadde blitt lagt aude i seinmellomalderen, skulle få motivasjon for å rydda dei opp att. Dette statiske systemet hadde store veikskapar og det var mellom anna liten samanheng mellom gardens produksjonsvolum og kva klasse garden blei skriven inn i. I 1639 bestemte ein derfor at skatten skulle bli utlikna på skulda, som var det næraste ein hadde ein takst som kunne seia noko om den relative størrelsen på gardane. Fleire gardar skifta derfor skatteklasse i 1639, og mange såkalla halvgardar blei skrivne som øydegardar.

I 1647 var dei tre brukarar som eigde kvar sin tredel. Skulda var sett ned til 1 ½ huder og altså skriven som øydegard, og Tjøl, Knut og Annbjørn eigde då ½ hud kvar.

15. oktober 1647 brann det på Åmland. Tingsvitnet på Feda tingstad same haust fortel om at dei tre oppsitjarane sat fattige tilbake og ikkje hadde høve til å betale skatten det året. Men – truleg med hjelp og støtte av gode naboar – fekk dei reist garden att. Garden var framleis i bondeeige i 1723.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Adresse Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Åmland Åmlandsvegen 375 Gardseigedom 655 1 mark 53 øre Markus Markussen Ingvart T. Galdal
2 Åmland Åmlandsvegen 384 Gardseigedom 656a1a, b1, 657a 2 mark 29 øre Jon Larsen Torje O. Omland
3 Åmland Åmlandsvegen 394 Gardseigedom bruk 2 1864 656a1b, b2, 657b 0 mark 78 øre Jon Larsen Andreas G. Eftestøl
4 Åmland bruk 2 1864 656a1c, a2, b3, 657c 0 mark 24 øre Tønnes Elias Kiddelsen Andreas G. Eftestøl
5 Koddebak Gardseigedom bruk 1 1890 0 mark 08 øre Trygve Larsen
7 Sandvik Åmlandsvegen 302 og 304 Gardseigedom bruk 3 1909 1 mark 24 øre Gunnar Knabenes
10 Myren Åmlandsvegen 283 Gardseigedom bruk 3 1925 0 mark 02 øre
17 Haugetun Åmlandsvegen 279 Gardseigedom bruk 4 2003
18 Åmlandsvegen 318 Bustad bruk 7 2005

1037 Kvinesdal komm.png Åmland (Kvinesdal gnr. 176) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

  1. Norsk stadnamnleksikon
  2. Oluf Rygh, Norske Gaardsnavne, b.9, s.273 og Indl., s. 41.
  3. Norsk stadnamnleksikon, Grunnord «land»
  4. Namneinnsamling utført av skuleborn i 1932. Samla i perm i Kvinesdal bibliotek. Namna er skrivne slik dei er teikna ned.
  5. Johan Jerstad, Fjotland: sogebok, 1949 Digital versjonNettbiblioteket, s. 130