Adolph de Lemos (1848–1900)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Adolph de Lemos (f. 3. april 1848 i Hamburg, d. 25. mai 1900 i Kristiania) var ein portugisarjødisk handelsagent. Første gang han finst registrert i Norge er i folketeljinga 1875 under Drammen, da oppført med Hamburg som heimstad. Han løyste handelsborgarskap i Kristiania den 17. april 1879, sa det opp att i november 1880, da han tok handelsborgarskap i Tromsø, og tok handelsborgarskap i Kristiania att den 24. oktober 1881. Familien flytta til Hamburg i 1888, og tilbake til Kristiania att i 1898, berre to år før Adolph de Lemos døydde.
Bakgrunn og oppvekst
Familie
Adolph de Lemos gifta seg med Rosalie Nathan, dotter av Nathan Nachmann Nathan. Dei fikk tre born:
- David de Lemos, f. 10. oktober 1879, d. januar 1885
- Sigrid de Lemos, f. 8. mars 1883 i Kristiania, d. 1942 i Auschwitz.
- Frithjof de Lemos, f. 1891 i Hamburg, d. 1965 i Oslo.
Kjelder
- Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.