Adolph de Lemos (1848–1900)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Adolph de Lemos)
Hopp til navigering Hopp til søk
Adolph de Lemos. (1897)

Adolph de Lemos eller אהרן בר דוד בנוניסטע הספרדי (f. 3. april 1848 i Hamburg, d. 25. mai 1900 i Kristiania) var ein portugisarjødisk handelsagent. Første gang han finst registrert i Norge er under «Anmeldte Reisende» i Morgenbladet 21. september 1867; opphaldsstaden under besøket i Christiania var Victoria Hotel og oppgjeven heimstad er Hamburg. I 1872 og 1873 blir han registrert som reisande i Bergen og i folketeljinga 1875 finst han oppført under Drammen, framleis med Hamburg som heimstad. Han gifta seg med Rosalie Nathan ca. 1878/79. Han løyste handelsborgarskap i Kristiania den 17. april 1879 i samband med at han dreiv manufakturforretning der; sa det opp att i november 1880, da han tok handelsborgarskap i Tromsø; og tok handelsborgarskap i Kristiania att den 24. oktober 1881. Familien flytta til Hamburg ein gong kring 1886/1887. Adolph de Lemos er registrert som reisande frå Hamburg til Bergen i 1888, og til Kristiansund i 1887 og 1889. I 1898, berre to år før Adolph de Lemos døydde, flytta familien til Kristiania att.

Bakgrunn og oppvekst

Den nye esnogaen i Hamburg vart innvigd hausten 1855, da Adolph var sju og eit halvt år gammal.

Adolph de Lemos vart fødd i Hamburg måndagen den 29. adar b 5608, det vil seie den 3. april 1848. Av gravsteinen framgår det at far hans heitte David og at familienamnet Benveniste òg vart bruka. Benveniste de Lemos er eit vanlig portugisarjødisk familienamn. Dette passar godt med at Hamburg hadde ein aktiv portugisarjødisk esnoga (synagoge). Den gamle esnogaen brann opp i Hamburgs bybrann i 1842, seks år føre Adolph vart fødd. Dei neste åra vart det brukt provisoriske lokale, og den nye esnogaen vart først innvigd i september 1855, da Adolph var sju og eit halvt år gammal..

1867–1886

Frå Morgenbladet 21. september 1867. Dette er så langt det eldste sporet etter Adolph de Lemos i Norge.

I notisen «Anmeldte Reisende» i Morgenbladet 21. september 1867 framgår det at A de Lemos fra Hamburg var innlosjert på Victoria Hotel i Christiania. Fem påfølgjande notisar i Bergens Adressecontoirs Efterretninger og Bergens Tidende frå 1872 til 1878 viser at han har losjert i Bergen. I august 1872 var Agenterne de Lemos og Hjordt, Hamburg innlosjert på Hotel Skandinavi; i mars 1873 var J. Iversen, A de Lemos, E. Wilvers og Emil Hjorth fra Hamburg innlosjert på Holts Hotel; i august 1876 var Adolph de Lemos [...] fra Kristiania innlosjert på Hotel Nordstjernen; i februar 1877 var Adolph de Lemos [...] fra Kristiania innlosjert på Holds Hotel; og i august 1878 var Kjøbmand Adolph de Lemos fra Hamburg innlosjert på Holdts Hotel. Vi ser her at heimstaden er oppgjeven å vera Hamburg med unntak av 1876 og 1877, da oppgjeven heimstad var Kristiania. Det er grunn til å mistenkje at dette var heimbyen i 1878 òg.

I mellomtida var Adolph de Lemos òg registrert i folketeljinga 1875 som gjest på Christiane M. Dahls hotell på Bragernes i Drammen.[1] I 1875-folketeljinga ser vi elles òg at Rosalie Nathan, som han seinare kom til å gifte seg med, var på besøk i Drammen og innkvartert på Strømsø.[2]

Adolph og Rosalie giftar seg kring 1877. Den 10. oktober 1879 blir sonen David de Lemos fødd.

Av annonsar i Aftenposten ser vi at Adolph de Lemos hadde butikk i Carl Johansgade 27 i juli 1879 og heile vinteren etter. I mars 1880 averterer han totalrealisation i samband med opphør, så vel som at butikklokala er til leige.

Ifølgje Mendelsohn tilbringer familien det neste året i Tromsø. Hausten 1881 er dei tilbake i Kristiania att. Den 21. oktober averterer de Lemos etter En flink, ung Mand med gode Anbefalinger, helst som før har været i Klædesforretning. Ei knapp veke etter, torsdag den 27, oktober 1881, opnar han ei Herre-Equiperings-Forretning på hjørnet av Carl Johans og Skippergaden 36. I dei neste åra blir det annonsert for denne butikken ein del gonger i året i Aftenposten.

I januar 1882 søkjer familien etter En flink Enepige med gode Anbefalinger. Den 8. mars 1883 blir dottera Sigrid fødd.

1886 blir eit tungt år for familien. Tidleg i januar blir sonen David sjuk, og han dør etter ei knapp veke den 13. januar 1885. I desember same år går handelsborgar Adolph de Lemos konkurs. Ein gong i tida etter det flyttar familien til Hamburg.

1887–1897

Familiebilde av Nathan-slekta frå 1897. Attast frå venstre ser vi Rosalie og Adolph, og så Sigrid som nummer tre. Sittande rett til venstre for Sigrid er morfaren hennar, Nathan Nachman Nathan, og sittande rett til høgre for henne er mormora, Emilie f. Zadig. Nedst til venstre ser vi yngstebarnet Frithjof.

I tida frå ca. 1887 til ca. 1897 budde Adolph de Lemos og familien i Hamburg. Adolph de Lemos dukkar likevel opp i norske kjelder nokre få gonger ifølgje Bergens Tidende og Romsdals Amtstidende: I mai 1887 losjerte Kjøbmand Lemos fra HamburgTroness Hotel i Kristiansund; september 1888 losjerte Kjøbmand B. [sic] de Lemos fra HamburgHotel Norge i Bergen; og juni 1889 losjerte Adolf de Lemos fra Hamburg på Troness Hotel i Kristiansund att. Sonen Frithjof de Lemos vart fødd i Hamburg i 1891. Elles veit vi foreløpig lite om tida deira der.

1898–1900

Frå 1898 dreiv Adolph de Lemos handel i Dronningensgd. 38.
Foto: Olaf Martin Peder Væring (ca. 1900).

Den 19. april 1898 erklærer Adolph de Lemos, som da har bustadsadresse Tordenskjoldsgd. 8 i Kristiania, at han vil drive handel i Kristiania. Av ein stillingsannonse frå 14. mars 1900 ser vi at forretninga da ligg i Dronningensg. 38. Ikkje lenge etter, på fredagsmorgonen den 25. mai 1900, døydde Adolph de Lemos brått av hjertelammelse. Han vart gravlagt på Det mosaiske trossamfunds gravstad på Sofienberg tre dagar seinare, måndag den 28. mai 1900.

Familie

Adolph de Lemos gifta seg med Rosalie Nathan, dotter av Nathan Nachmann Nathan. Dei fikk tre born:

  1. David de Lemos, f. 10. oktober 1879, d. fem år gammal den 13. januar 1885
  2. Sigrid de Lemos, f. 8. mars 1883 i Kristiania, d. 1942 i Auschwitz.
  3. Frithjof de Lemos, f. 30. mars 1891 i Hamburg, d. 29. april 1965 i Oslo. Fridthjof utdanna seg til apotekar. Han gifta seg med Gerda Seim (f. 10. mai 1904 i Bergen, d. 16. august 1981 i Oslo). Dei fikk sonen Frithjof de Lemos.

Kjelder

Gravsteinen over Adolph de Lemos på Sofienberg gravlund i Oslo. Den hebraiske inskripsjonen seier: פ'נ איש אמונים אהרן ב'ר דוד בנוניסטע הספרדי מת ביום כ'ו אייר שנת תר'ס ת'נ'צ'ב'ה'
Foto: Olve Utne (2009).
  • Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969.

Fotnotar

  1. Adolph de Lemos i Folketeljinga 1875.
  2. Rosalie Nathan som busett i Kristiania og Rosalie Nathan som Tilreisende i Folketeljinga 1875

Eksterne lenkjer