Ako Møbler: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
m (Teksterstatting – «Kategori:Næringsliv» til «»)
 
Linje 13: Linje 13:
[[Kategori:Etableringer i 1954]]
[[Kategori:Etableringer i 1954]]
[[Kategori:Møbelindustri]]
[[Kategori:Møbelindustri]]
[[Kategori:Næringsliv]]
 
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Opphør i 1970]]
[[Kategori:Opphør i 1970]]
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 23. mai 2023 kl. 10:50

Ako Møbler var ein møbelprodusent i Sykkylven, skipa av Alfred Kjemphol i 1954. Tidlegare hadde han vore medeigar i Stol- og Møbelfabrikken Stilig A/S. Ako Møbler A/S heldt fram i same lokala som Stilig hadde hatt, ved kaia i Tusvika.

Produksjonen var salongmøblar, og i tillegg vart det laga gyngestolar og enkle hybelstolar. Versonen til Alfred Kjemphol, Bjarne Saltre, tok til som disponent for verksemda i 1957. I åra framover fekk han ansvaret både for fabrikkdrifta og drifta av Tusvik Handel A/S.

Møblane frå Ako Møbler A/S vart selde over heile landet, men tyngda gjekk til det sørlege Noreg. Bedrifta hadde varierande bemanning alt etter som konjunkturane var. I 1955 var arbeidsstokken fem personar.

I 1970 vart Ako Møbler A/S avvikla. Leiinga innsåg at dei måtte investere i mykje nytt utstyr om produksjonen og lønsemda skulle haldast oppe. Usikre som tidene då var, valde dei å slutta av. Fabrikkbygget vart leigd bort til det nyskipa Rajo Møbler A/S i 1971.

Kjelde