Ambrosius Rhodius

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. okt. 2011 kl. 08:40 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ambrosius Rhodius (fødd 10. november 1605 i Kemberg, Sachsen, død 1696 same stad) var lege, matematikar, fysikar og astrolog med meir. I tidsrommet 1637 til 1672 var han stadsfysikus (bylege) og professor i Christiania, med eit avbrot på fem år, da han og kona hans sat i fangenskap på Vardøhus festning. Dei var dømde for injuriar mot to borgarmeistrar og statthalderen i Christiania.


Familie

Foreldra var Jacob Rhodius (død 1636) og Elisabeth Freiwaldin (død 1636). Faren var rektor og prest. Ambrosius Rhodius var gift to gonger, fyrst med Anna Fredriksdotter, dotter av lege Fredericus Severinus i København. Ho døydde ein gong før 1675. Andre ekteskapet, inngått i 1675, var med Maria Dorothea Gröllmann (død 1729).


Utdanning og karriere til 1637

Ambrosius fekk undervisning heime til han som femtenåring byrja på universitetsførebuande undervisning i Grimma. Han studerte deretter i Wittenberg, tok magistergrad i 1629 og studerte deretter medisin i tre år. Fyrste akademiske stilling var som fysikar og matematikar i Königsberg frå 1632.

I 1635 kom han til København, der han same året forsvarte han offentleg si avhandling om skjørbuk ved universitetet der. Han utgav samstundes eit astrologisk arbeid om samanhengen mellom menneskeleg sjukdom og stjernekonstellasjonar. Året etter tok Rhodius i mot ei stilling som lege på Bremerholm og ved Børnehuset i København.

Stadsfysikus og professor i Christiania

I mai 1637 fekk statthaldaren i Noreg stadfesting frå kongen på at dei kunne ta Rhodius inn i stillinga som professor i matematikk og fysikk ved det nye gymnaset i Christiania.[1] Det var fastslått i fundasen for skulen at dette professoratet skulle fyllast av ein medicus. Rhodius skulle samstundes vere stadsfysikus i byen. Han fekk også ei tid ansvaret for det medisinske utstyret til hæren, som var under oppbygging i 1640-åra.

I 1647 vart Rhodius tillagd ei av godssamlingane som låg til domkapitelet i Christiania.[2] Samlinga bestod av ei lang rad gardar og gardpartar spreidd over store delar av det sentrale Austlandet, og som han altså fekk leigeinntektene av. Iallfall ein av gardane, Grorud nær Christiania, kan det ut frå ei innførsel i skattematrikkelen 1647[3] sjå ut til at Rhodius dreiv for eiga rekning som [[Leksikon:Avlsgård|avlsgård]. Han budde sikkert ikkje der, men hadde heller leigde folk til å drive gardsbruket. Det er kjent at Rhodius hadde urtehage for å dyrke planter til medisinsk bruk. Ein avlsgard som Grorud kan sjølvsagt ha vore nytta til det føremålet. Meir sannsynleg er det likevel at urtehagen låg på ei av løkkene rett ved byen, og at gardsbruket på Grorud heller vart drive for å forsyne doktorens hushald i Christiania med kjøt, korn og mjølk til dagleg bruk.

Rhodius var ein sentral person i det vesle lærde miljøet som var sentrert rundt domkyrkja og katedralskulen i Christiania på denne tida. Han hadde direkte kontakt med vitskapsfolk i fleire europeiske land, og han hadde det som venteleg var den største boksamlinga i Noreg i si tid, 357 band.

Hans astrologiske kunnskapar hjelpte han til å tolke eit syn han såg på himmelen over Eiker i 1657. Han tolka det til at det skulle skje ei systemendring i den dansk-norske staten. Bodskapen vart formidla i eit dikt som han skreiv på latin og tileigna kong Fredrik 3. Diktet vart utgjeve i 1660, året for innføringa av eineveldet.


Fangenskapet

Ambrosius Rhodius’ hustru Anna, retta i 1657 sterke skuldingar mot to borgarmeistrar i Christiania for korrupsjon og umoral på andre måtar. Klagene vart retta til statthaldaren, men vart tolka slik at noko av det også fall tilbake på denne fremste herren i riksdelen Noreg. Saka gjekk i fleire år, til dom fall på herredagen (kongehyllinga) i Christiania i 1661. Anna vart saman med ektemannen, som hadde støtta henne i saka, vart dømde for injuriar, og straffa med fengsel og tap av ære. Dei sat fyrst ei tid på Akershus, men vart i 1662 forvist til Vardøhus. Dette fall saman i tid med ein stor trolldomsprosess der oppe, og ekteparet fekk nær kontakt med fleire arresterte kvinner og småjenter som var mistenkte for å stå i pakt med djevelen. Det er kjent at Anna Rhodius hjelpte til med å overtale fleire av småjentene til å bekjenne.

Rhodius vart benåda i 1666, medan Anna vart sitjande på Vardøhus, der ho truleg døydde før 1675. Rhodius hadde teke opp at legegjerninga i Christiania, men neppe professoratet, da Christiania gymnas truleg da var avvikla. I 1672 forlet han Noreg og slo seg ned i fødebyen Kemberg, der han også gifta seg på nytt.


Referansar


Kjelder og litteratur