Anders Olson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. okt. 2010 kl. 21:01 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Anders Olson Åsen''' (fødd kring 1660, død kring 1728) var frå Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Ole Arneson Åsen. H…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Olson Åsen (fødd kring 1660, død kring 1728) var frå Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Ole Arneson Åsen.

Han gifte seg kring 1698 med Anna Sjursdotter frå Luster, og dei tok over Åsen i 1690-åra. Anders Åsen skal ha fått born utanfor ekteskap både i 1685 og 1694 med to ulike kvinner,[1] men det hindra ikkje at han kring 1706 kunne ta over lensmannsembetet i Jostedalen etter faren. Han skal ha hatt lensmannsembetet til han døydde kring 1728.

Anders Åsen kjøpte to andre gardar i Jostedalen som han leigde bort: eitt av bruka på grannegarden Ormberg i 1711 og Bjørkehaugen under Mjølver kring 1720.

Anders og Anna Åsen fekk ni born, og av dei vart Sjur Anderson Åsen lensmann etter faren, Ole Anderson Åsen vart klokkar og tok over heimebruket, og Henrik Anderson Kreken vart kyrkjeeigar og ei kort stund klokkar.


Notar

  1. Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 211. (digital utgåve, NBdigital)