Anne Moestue

Anne Moestue Swang (fødd 30. november 1942) er folklorist med magistergrad i folkeminnevitskap.

Moestue skreiv magistergradsavhandlinga si i folkeminnevitskap i 1942 om mellomaldarballadar. Ho var tilsett som vitskapleg assistent hjå Institutt for folkeminnevitskap i nokre år der ho m.a. arbeida med spørjelistene frå Norsk etnologisk gransking nr. 71, Gifteferdig ungdom og nr. 93, Barn i skolealderen fram til konfirmasjonen. I 1978 vart Moestue tilsett ved NEG, og arbeidde der fram til ho gjekk av med pensjon i 2011.[1] Ho overtok då stillinga etter Rigmor Frimannslund og arbeidde fyrst i lag med Andreas Ropeid som hadde vore einaste konservator ved NEG i 10 år. Den fyrste oppgåva henna hjå NEG var å legge heile arkivet til rette for mikrofilming, samt å ta dei over 120 000 eksponeringane av materialet med innkoding av aksesjonsnummer.[2]

Folkeminnesamlar

I si tid på Norsk Etnologisk Gransking (NEG), sendte Moestue 47 unike spørjeskjema og særemne om ulike tema som omhandlar vanlege folk sine daglegliv. Ved hjelp av desse samla ho inn 2849 registrerte unike svar (fram til 1995 og mange fleire etter dette), som vert tilgjengeleggjort via domenet SAMLA.no.[3]

Referanser

  1. Rogan, B og Eriksen A (red.). Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Novus Forlag (2013) ISBN: 9788270997237
  2. Moestue, A. Spørre og grave i 50 år. Norsk etnologisk gransking's 50-års jubileum. Stiftelsen Norsk etologisk gransking (1996). ISBN: 82-91161-12-7
  3. Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!