Anton Hansen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre

Anton Hansen (fødd 25. mars 1840 i Asker, død 19. juni 1891 i Mo i Rana) var son av skuledirektør Halvor Hansen og Maren f. Hvile. Han vart student 1863 og tok teologisk embetseksamen 22. desember 1871. Etter studiane var han ei tid lærar på Hamar og personleg kapellan i Idd i Østfold.

Den 2. februar 1876 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var òg ordførar i Jostedalen frå 1881 til 1882. Han vart dermed den siste presten som var ordførar i Jostedalen.

Den 3. november 1883 vart Hansen utnemnd til sokneprest i MoHelgeland, og dette embetet hadde han til han døydde.

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 6. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 338-39. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Andreas Emil Hansen 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Wollert Johan Lyder Frich 


Forgjengar:
 Anders Christenson Ormbergstøl 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anders Christenson Ormbergstøl