Are Vesterlid

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Are Vesterlid (født 28. juli 1921 i Strinda, død 29. august 2013) var ein arkitekt som virka i Elverum frå 1950.

Are Vesterlid.
Foto: Studentene fra 1939 (1964)

Are Vesterlid var son av rektor, arkitekt Arne Vesterlid (1893-1962) og Gerd Zachariassen (f. 1895). Han vart gift i 1956 med Gunvor Myhre (f. 1918).

Vesterlid var utdanna ved SHKS i åra 1939-45, var ei kort tid assistent hos Knut Knutsen før han vart tilsatt hos Distriktsarkitekten i Nord-Troms 1947-49. Han oppretta eigen arkitektpraksis i Elverum i 1950 (saman med Hans Østerhaug) som han dreiv fram til ca. 1960. Han var professor ved AHO 1967 -1988.

I Elverum har han teikna Strandbygdvegen 80 – 92, Støa, tre rekkehus med fire leiligheiter i kvart og to dobbelthus, 1953-54. For Glomdalsmuseet teikna han ein sommarrestaurant med dansehall i 1960. På Lyngseidet teikna han Lyngen sparebank og Bræks gjestgiveri i 1948. Han teikna også fleire bolighus for Distriktsarkitekten i Nord-Troms.

Av dei mest kjende arbeida utanom gjenreisingsbyane kan nemnast: Mesnalia skole i Lillehammer, 1957. Atriumshus i Furubergvegen 17-29, 1964 og idrettsbygg for Hamar lærerskole 1965, begge i Hamar. Han har teikna kommunehuset i Engerdal og rekkehus i Brumunddal. Han fekk Treprisen i 1962.

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.