Arne Amundgård

Arne Amundgård (fødd 24. juli 1935 i Lesja, død 6. august 2003) var lærar og ihuga lokalhistorikar. Han vart engasjert ved Toten Museum i 1967, av bygdeboknemnda i Lesja på 1970-talet for å samle stoff til å skrive Bygdebok for Lesja før han gjekk tilbake til museet på Toten som arkivar og heldt til der til han pensjonerte seg i 2000. Han flytta da attende til Lesja og huset han hadde bygd på Joramoen i 1979.

Arne Amundgård gjorde ein formidabel innsats for lokalhistoriefeltet både i Lesja, Dovre, Gudbrandsdalen og på Toten. Han fekk Kongens fortenestemedalje da han gjekk av. Han er blant anna kjend for slektsarkivet over folk frå Toten på dokumentasjonssenteret på Kapp.

Kjelder