Asparås (Bykle gnr 15/32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. nov. 2014 kl. 12:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Asparås | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | utsk...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Asparås
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 32
Type: Bustadeigedom

Asparås i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1968. Seljaren var Tarald Sveinsson Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut Gjerden. Han og kona, Gro, flutte kort etter overtakinga av tomta til Akkerhaugen, der dei sidan har budd, men dei bygde seg likevel hus her i 1972. Dei har nytta hovudetasjen her til sumarsbustad, medan sokkeletasjen, iallfall i periodevis, har vore bortleigd til Bykle kommune.

Knut Gjerden er frå Nordstog, og son åt Pål Torleivsson Gjerden og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Byklum.

  • Knut Gjerden, f 1923, d 2006

g 1954 m Gro Taraldsdotter Nomeland, f 1927. Born:

  • Pål, f 1956, lækjar, busett Skien, g m Siren Marie Skogstrand, Bergen, born:
  • Marte Gro, f 1983
  • Knut, f 1985
  • Kjetil, f 1994
  • Marie, f 1999
  • Knut, f 1994
  • Gro, f 1996
  • Vebjørn, f 2001

Gro er frå Innistog Steinsland i Valle, gnr 48, bnr 15, og dotter åt Tarald Kjetilsson Nomeland på det bruket, og kona, Sigrid Pålsdotter, fødd Dale (jfr. Valle III, 602).

Knut og Gro er båe lærarar og arbeidde fyrst i Bykle (jfr. Notun, gnr 15, bnr 20), og sidan i Sauherad. Knut har dertil vore sterkt engasjert i lokalhistorisk arbeid, og har gjeve ut Gards- og ættesoge for Bykle (1966 saman med Bjørgulv G. Holen), Folk og fjell. Daglegliv på fjellviddene i Hardanger, Telemark og Setesdal (1989 saman med Trygve Fosstveit,) og Bykle kultursoge (red. 1993), forutan ei lang rekkje artiklar. Gro deler det lokalhistoriske engasjementet åt Knut, og har skrive bolken om «Gamle mattradisjonar» i Kultursoga. Ho har dessutan gjeve ut minneboka Mitt liv, Setesdalsforlaget 2004.

Me nemnde at sokkelsetasjen i huset har vore bortleigd til Bykle kommune. Nokre av dei kommunetilsette som budde her var Arne Tronsen, Helge S. Grønli, og Mari Ellen Olsson. Tronsen var her frå hausten 1975 til hausten 1977, Grønli frå hausten 1977 til hausten 1978, og Olsson frå hausten 1978 til hausten 1979.


0941 Bykle komm.png Asparås (Bykle gnr 15/32) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder