Bø Hornmusikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2024 kl. 11:50 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø Hornmusikk arkiv
Arkivinstitusjon: Bø Museum
Frå år: 1949
Til år: 1965
Fylke: Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Bø Museum
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

Bø Hornmusikk var eit musikkorps som starta opp i Bø i Telemark i 1950 og heldt på til 1960.

Ideen var komen alt i 1948 frå Arne Waldenstrøm, som var lærar i framhaldsskulen og også aktiv i mellom anna Bø mannskor. Fyrste registrering i arkivet etter korpset er datert 20. juni 1949. Då sende styret i Bø musikklag ut eit skriv til bygdefolket.

Waldenstrøm var sentral i oppstarten. Han såg mogelege kandidatar til korpset blant elevane sine og hadde dessutan god kontakt med realskulen og gymnaset, der det også var interesserte elevar. Waldenstrøm vart fyrste dirigenten. I 1953 tok Harald Øye, som også var lærar, over.

Lokale krefter støtta korpset med pengar til instrumenter, men av og til måtte deltakarane sjølve legge ut. Bø musikklag skaffa elles inntekter til korpset gjennom pengeinnsamling, loddsalg, skytebane, gjennomgangslodd og kveldstrekningar. Det fyrste arrangementet av denne typen fann stad på Sandvin 15.-16. april 1950.

Fyrste gong korpset opptredde offentleg, var 1. mai 1951. I perioden fram til avslutninga i 1960, var cirka 25 personar aktive i korpset. Det var skuleelevar, gymnas- og realskuleelevar og vaksne frå Bø. Korpset spela fast i Bø 1. og 17. mai, men opptredde også i Sauherad, Lunde, Helgja og Seljord.

Instrumenta vart i 1960 gjeve til Bø skulemusikk, som starta opp i 1967, med Harald Øye som dirigent. Frå 1968 delte han jobben med Hans Strandberg. Fleire av deltakarane frå Bø Hornmusikk fortsette i skulekorpset.

Kjelder og litteratur