Bautasteinen i Hol: Forskjell mellom sideversjoner
(lenkefiks) |
(Bilde) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb| | {{thumb|Bautastein_hol.jpg|Bautasteinen ved Hol gamle kyrkje|Olav Reinton, 1918-20. Eigar: Hol bygdearkiv. }}'''[[Bautasteinen i Hol|Bautasteinen]]''' ved [[Hol gamle kyrkje]] vart reist i samband med [[grunnlovsjubileet]] [[1914]]. | ||
Ei nemnd som hadde fått i oppdrag å stå for det store jubileet hadde bestemt seg for å få reist ein bauta der namna på dei frå [[Hol kommune|Hol]] som var med i krigen med Sverige frå 1807-1814 skulle hoggast inn. Det vart leita mange stader for å finne eit emne til bautastein, og ein dag dukke [[Kitil Sausgardhaugen]] opp på kontoret til ordføraren og forkynte: «No har eg funne stein, gut». Ut av denne store steinen vart det kila ut fleire bautasteinar. [[Mikkel Holestøl]] og sonen Lars sto for utkilinga av steinen. | Ei nemnd som hadde fått i oppdrag å stå for det store jubileet hadde bestemt seg for å få reist ein bauta der namna på dei frå [[Hol kommune|Hol]] som var med i krigen med Sverige frå 1807-1814 skulle hoggast inn. Det vart leita mange stader for å finne eit emne til bautastein, og ein dag dukke [[Kitil Sausgardhaugen]] opp på kontoret til ordføraren og forkynte: «No har eg funne stein, gut». Ut av denne store steinen vart det kila ut fleire bautasteinar. [[Mikkel Holestøl]] og sonen Lars sto for utkilinga av steinen. | ||
Linje 7: | Linje 7: | ||
I ''NU'' 4.8.1914 skriv [[Mehlum]] om avdukinga: «Da dekket falt, gaves det salut oppi åserne saa det drønede like til det gjeld det blaaner i». | I ''NU'' 4.8.1914 skriv [[Mehlum]] om avdukinga: «Da dekket falt, gaves det salut oppi åserne saa det drønede like til det gjeld det blaaner i». | ||
<gallery> | |||
Fil:Bautastein_hol_frakt_1913.jpg|Bautasteinen fraktast forbi tingstugu i Hol. Foto:Olav Reinton, 1913. Eigar: Hol bygdearkiv. | |||
</gallery> | |||
[[Kategori:Hol kommune]] | [[Kategori:Hol kommune]] |
Sideversjonen fra 7. apr. 2014 kl. 08:47
Bautasteinen ved Hol gamle kyrkje vart reist i samband med grunnlovsjubileet 1914.
Ei nemnd som hadde fått i oppdrag å stå for det store jubileet hadde bestemt seg for å få reist ein bauta der namna på dei frå Hol som var med i krigen med Sverige frå 1807-1814 skulle hoggast inn. Det vart leita mange stader for å finne eit emne til bautastein, og ein dag dukke Kitil Sausgardhaugen opp på kontoret til ordføraren og forkynte: «No har eg funne stein, gut». Ut av denne store steinen vart det kila ut fleire bautasteinar. Mikkel Holestøl og sonen Lars sto for utkilinga av steinen.
Avdukingsfesten: Avdukinga skjedde 21. juni 1914 som ein del av den store Amerikafesten der mange utvandra holingar kom attende til fødebygda for å feire grunnlovsjubileet. Innsamla midlar frå holingar i Amerika kosta innhogginga av dei mange namna og A. D. Andersen frå Voss hogg dei inn.
I NU 4.8.1914 skriv Mehlum om avdukinga: «Da dekket falt, gaves det salut oppi åserne saa det drønede like til det gjeld det blaaner i».