Bautasteinen i Hol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bautasteinen ved Hol gamle kyrkje
Foto: Olav Reinton, 1918-20. Eigar: Hol bygdearkiv.

Bautasteinen ved Hol gamle kyrkje vart reist i samband med grunnlovsjubileet 1914.

Ei nemnd som hadde fått i oppdrag å stå for det store jubileet, hadde bestemt seg for å få reist ein bauta der namna på dei frå Hol som var med i krigen med Sverige frå 1807-1814 skulle hoggast inn. Det vart leita mange stader for å finne eit emne til bautastein, og ein dag dukke Kitil Sausgardhaugen opp på kontoret til ordførar Sjugurd Olson Reinton (1855-1932) og forkynte: «No har eg funne stein, gut». Ut av denne store steinen vart det kila ut fleire bautasteinar. Mikkel Holestøl og sonen Lars sto for utkilinga av steinen.

Avdukingsfesten

Avdukinga skjedde 21. juni 1914, som ein del av den store Amerikafesten, der mange utvandra holingar kom attende til fødebygda for å feire grunnlovsjubileet. Innsamla midlar frå holingar i Amerika kosta innhogginga av dei mange namna og A. D. Andersen frå Voss hogg dei inn.

I Nu 4.8.1914 skriv Mehlum om avdukinga: «Da dekket falt, gaves det salut oppi åserne saa det drønede like til det gjeld det blaaner i».

Kjelder og litteratur

Koordinater: 60°36′53″ N 8°18′1″ Ø