Bergenhusiske regiment: Forskjell mellom sideversjoner
m (Kategori:Hæren) |
m (Robot: Erstatter mal: Reflist) |
||
(4 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 19: | Linje 19: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
<references /> | |||
[[Kategori:Hæren]] | [[Kategori:Hæren]] | ||
[[Kategori:Hordaland fylke]] | [[Kategori:Vestland fylke]] | ||
[[Kategori:Sogn og Fjordane | [[Kategori:Hordaland]] | ||
[[Kategori:Vestland fylke]] | |||
[[Kategori:Sogn og Fjordane]] | |||
[[Kategori:Møre og Romsdal fylke]] | [[Kategori:Møre og Romsdal fylke]] | ||
[[Kategori: Etableringer i 1628]] | [[Kategori:Etableringer i 1628]] | ||
[[Kategori: Opphør i 1818]] | [[Kategori:Opphør i 1818]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 10:07
Bergenhusiske regiment vart eit av dei fem første regimenta i den norske hæren ved etableringa i 1628. Det vart frå opprettinga organisert i fire kompani i utskrivne frå Bergenhus len med Hardanger len, futedømma Sunn- og Nordhordland, Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre.[1]
Fram til hærordninga av 1718 hadde regimentet tre bataljonar med 9 kompani:[2] 1. bataljon med kompania Nordhordlandske, Nordsundske og Sørsundske, med samlingsplass ved Bergen. 2. bataljon med kompania: Nordfjordske, Sunnfjordske og Sunnmørske, med samlingsplass på Eid i Nordfjord. 3. bataljon med kompania: Ytre Sognske, Indre Sognske og Hardangerske. Samlingsplass på Vik i Sogn.
Regimentet vart i 1718 delt i to: 1. eller Nordre Bergenhusiske regiment og 2. eller Søndre Bergenhusiske regiment. Ved delinga bestod regimentet av 1310 soldatlegder, som ved delinga vart fordelt slik:[3]
- Nordre Bergenhusiske regiment: dei 600 nordligste legdene (nord for Sognefjorden)
- Søndre Bergenhusiske regiment: 600 legder sør for Sognefjorden
- 2. eller Vestre Vesterlenske regiment: 110 legder frå Etne, Skånevik, delar av Fjelberg, Tysnes og Kvinnherad.
Med hærordninga av 1789 vart dei to bergenhusiske regimenta slegne saman til eitt att, med to bataljonar:[4] Sognske og Nordfjordske.
Regimentet eksisterte fram til hærordninga av 1818 da det vart avløyst av Sognske nasjonale jegerkorps, Sunnfjordske nasjonale musketerkorps og Nordfjordske nasjonale musketerkorps.[5]
Litteratur
- Bødtker, C.F. 1899: Vore gamle regimentsdistrikter. Norsk Militært Tidsskrift s. 595-620 og 655-676.