Bergset (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(lagt til koordinatar)
Linje 45: Linje 45:
| sokn          = Jostedalen
| sokn          = Jostedalen
}}
}}
{{koordinater|61|38|42|N|007|10|15|Ø}}

Sideversjonen fra 8. apr. 2011 kl. 07:03

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar garden mot Grov.

Bergset var den av gardane i Krundalen som vart hardast råka av framrykkinga til breane under den vesle istida. Bergset og Grov hadde fyrst stølar i Bergsetdalen, men i 1684 hadde breane i Bergsetdalen gått så mykje fram at stølsområdet var øydelagt. Rettsdokumentet om stølsflyttinga er det fyrste vitnemålet i Noreg om at breveksten under den vesle istida valda økonomisk skade.[1]

Bergset vart òg hardt råka av snøskred. I eit rettsdokument frå 1742 heiter det: "Herforuden Sneeskreeden i tvende gange udj 18 eller 20 Aars tid at reigne, hafde borttaget all gaardens huuse, som paa nye tuffter vare henflytted."[2] Det må vera snakk om to skredulukker med 18-20 års mellomrom, men det er uvisst kor lenge før 1742 dette hende. Etter dette vart gardstunet flytt kring 200 meter lenger vest der det ligg i dag for enden av fylkesvegen gjennom Krundalen.

Utover på på 1700-talet skaut Tuftebreen ut av Tufteskardet og ned i Krundalen rett framanfor det nye tunet på Bergset. I 1742 låg bretunga heilt ned til Krundøla, og sida på breen var berre 250 meter frå gardstunet på Bergset (sjå Tuftebreen). Ei åstadsforretning i august 1742 gjer at ein har detaljert kunnskap om denne denne framrykkinga.[3]

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn 1684 (Jostedal historielag)
  2. Snøskred på Bergset før 1742 (Jostedal historielag)
  3. Tingbok for Indre Sogn 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Bergset», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater