Bergset (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. apr. 2011 kl. 08:20 av Oddloho (samtale | bidrag) (skulekrins)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar garden mot Grov. Garden skal ha vorte rydda kring 1616. Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Den vesle istida

Bergset var den av gardane i Krundalen som vart hardast råka av framrykkinga til breane under den vesle istida. Bergset og Grov hadde fyrst stølar i Bergsetdalen, men i 1684 hadde breane i Bergsetdalen gått så mykje fram at stølsområdet var øydelagt. Rettsdokumentet om stølsflyttinga er det fyrste vitnemålet i Noreg om at breveksten under den vesle istida valda økonomisk skade.[1]

Bergset har òg vore hardt råka av snøskred. I eit rettsdokument frå 1742 heiter det: "Herforuden Sneeskreeden i tvende gange udj 18 eller 20 Aars tid at reigne, hafde borttaget all gaardens huuse, som paa nye tuffter vare henflytted."[2] Det må vera snakk om to skredulukker med 18-20 års mellomrom, men det er uvisst kor lenge før 1742 dette hende. Etter dette vart gardstunet flytt kring 200 meter lenger vest der det ligg i dag for enden av fylkesvegen gjennom Krundalen.

Utover på på 1700-talet skaut Tuftebreen ut av Tufteskardet og ned i Krundalen rett framanfor det nye tunet på Bergset. I 1742 låg bretunga heilt ned til Krundøla, og sida på breen var berre 250 meter frå gardstunet på Bergset (sjå Tuftebreen). Ei åstadsforretning i august 1742 gjer at ein har detaljert kunnskap om denne denne framrykkinga.[3]

Bruk

  • Bnr. 1 Bergset - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Bergset (Bergsethaugen) - utskild frå bnr. 1 26.5.1838
  • Bnr. 3 Bergset - var eige bruk delar av 16- og 1700-talet, og vart endeleg fråskilt bnr. 1 4.6.1860
  • Bnr. 4 Myrehaugen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 6.7.1907
  • Bnr. 5 Myrebø - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 12.7.1915

Husmannsplassar

Det har vore fem husmannsplassar under Bergset:

  • Furehaugen - rydda kort før 1800, nedlagd kring 1867
  • Myrehaugen - rydda kring 1814, delt i to (Myrehaugen og Myrebø) i 1845, utskilde som bnr. 4 i 1907 og bnr. 5 i 1915
  • Brænna - rydda kring 1840, nedlagd kring 1873
  • Kongsbakken - rydda kring 1881, nedlagd i 1947

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn 1684 (Jostedal historielag)
  2. Snøskred på Bergset før 1742 (Jostedal historielag)
  3. Tingbok for Indre Sogn 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Bergset», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater