Bergsetbreen: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
(kat) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
==Notar== | ==Notar== | ||
<references/> | <references /> | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Isbreer]] | [[Kategori:Isbreer]] | ||
{{nn}} | {{nn}} | ||
[[Kategori:Luster kommune]] |
Sideversjonen fra 17. sep. 2019 kl. 13:07
Bergsetbreen (Krondalsbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen og kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Breen ligg kring ein times gangen frå garden Bergset som har gjeve namn til breen.
Bergsetbreen er ein av fleire brear som kjem ned i Bergsetdalen. Rett sør for Bergsetbreen ligg Vetledalsbreen og i nord Baklibreen. Eit par kilometer lenger nord-aust kjem Tuftebreen ned.
Bergsetbreen og dei andre breane i Bergsetdalen gjekk mykje fram under den vesle istida på 16- og 1700-talet. I 1684 hadde breane øydelagt stølane til gardane Grov og Bergset i Bergsetdalen. Rettsdokumentet om hendinga er det eldste kjende vitnemålet frå Noreg om at breane gjekk fram og øydela produktiv mark under den vesle istida.[1]
Sidan midten av 1700-talet har Bergsetbreen trekt seg mykje attende. Den siste framrykkinga til Bergsetbreen var i 1990-åra med maksimum kring 2001. Det siste tiåret har breen gått fleire hundre meter attende.
Notar
- ↑ Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)