Bergsetbreen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. nov. 2010 kl. 08:42 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bergsetbreen''' er ein brearm av Jostedalsbreen og kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i [[Sogn o…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergsetbreen er ein brearm av Jostedalsbreen og kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Breen ligg kring ein times gangen frå garden Bergset som har gjeve namn til breen.

Bergsetbreen er ein av fleire brear som kjem ned i Bergsetdalen. Rett sør for Bergsetbreen ligg Vetlestølsbreen og i nord Baklidbreen. Eit par kilometer lenger nord-aust kjem Tuftebreen ned.

Bergsetbreen og dei andre breane i Bergsetdalen gjekk mykje fram under den vesle istida på 16- og 1700-talet. I 1684 hadde breane øydelagt stølane til gardane Grov og Bergset i Bergsetdalen. Rettsdokumentet om hendinga er det eldste kjende vitnemålet frå Noreg om at breane gjekk fram og øydela produktiv mark under den vesle istida.[1]

Sidan midten av 1700-talet har Bergsetbreen trekt seg mykje attende. Den siste framrykkinga til Bergsetbreen var

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)