Bjorlie (Lesja): Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: {{under arbeid}} {{Infoboks gard | bgfarge = | navn = Bjorlie | bilde = | bildestr = | bildetekst = | altnavn = Bjorli | førstnevnt = [[1586]...) |
(tek vekk gammal under arbeid-mal) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{Infoboks gard | {{Infoboks gard | ||
| bgfarge = | | bgfarge = |
Sideversjonen fra 3. jan. 2019 kl. 14:05
Bjorlie er en namnegard i Lesja kommune. Namnegarden består av ein matrikkelgard med same namn (i dag delvis ubunde Bjorli).
Bjorlie ligg i sollia på nordsida av Rauma, og grensar mot heimrast nord, mot Stuguflotten i vest, mot Rånå i sør og mot Einbu i aust.
Gardsnamnet er i bunden form og samasett med dyrenamnet bever og terregformasjonen li; beverlia. Namnet på sideelva til Rauma, Bøvre, er etter ei eldre form av dyrenamnet. Uttalen er Bjorlie fordi li er eit sterkt hokjønnsord i målføret i Nord-Gudbrandsdalen.
Matrikkelskyld
Bjorlie vart skyldsett i 1600 til 2 huder.
Bruksdelinga
Bjorlie var eitt gardsbruk frå den tida vi har skriftlege kjelder. På midten av 1600-talet vart garden delt i to like store bruk.
Eigarforhold
Bjorlie er blant gardane som Gørvel Fadersdatter Sparre eigde fram til ho donerte dei kongen i 1586. Bjorlie var så krongods til kongen pantsatte garden til jernverkseigaren Jørgen Fillipsen ca. 1660. I 1685 pantsatte Fillipsen så Bjorlie til Oslo skole, som så i 1727 selde til jernverkseieren Reinholdt Ziegler. Utover 1730- og 40-tallet kjøpte brukarane gardane til selveie.
Kjelde
Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket side 53-59.