Boris Gleb

Boris Gleb (nynorsk/bokmål; russisk Борисоглебский) eller Skoltfossen (finsk Kolttaköngäs) er ein tradisjonell skoltesamisk sommarbustad og ortodoks kyrkjestad på vestbredda av Pasvikelva som elles utgjer riksgrensa.

Boris Gleb. I forgrunnen ser vi bl.a. fleire stabbur. Den nyare, totårna kyrkja frå 1874 er attast til høgre i bildet.

Området, som opprinnelig er skoltesamisk, vart lagt under Russland i 1533, dette vart stadfesta gjennom Grensekonvensjonen av 1826 og i 1920 kom det under Finland som konsekvens av Tartutraktaten. I 1944 vart det 3,6 km² store området lagt under Sovjetunionen/Russland, der det hører til Petsjengskij rajon (Пе́ченгский райо́н) av Murmanskaja oblast.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 69.6545° N 30.1341° Ø