Christen Henriksen Pram

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2013 kl. 14:53 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} '''Christen Henriksen Pram''' fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821Saint Thomas, Virgin Islands var ein særs produkti...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Christen Henriksen Pram fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821Saint Thomas, Virgin Islands var ein særs produktiv faglitteraær og skjønnlitteraær norsk forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christenssen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med eit sterkt slektsnettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.

Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere norsk, gudbrandsdøl.[1]. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812.

Etter kongeleg ordre av 25. mai 1804 starta Pram på eit omfattande reiseprogram i Noreg. Oppdraget var eigentleg å samle informasjon om brenninga av tangoskel, som det hadde kome inn mange klager på. I tillegg skulle han skaffe sikker informasjon om alle næringsvegar som sorterte under kollegiet.[2]

Forfattarskapen

Kjelder

  • Bull, Francis 1924: Norges litteratur bd. 2. Kopi av omtale av Thomas Rosing de Stockflet og Christen Pram i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1993 s. 29-36
  • Eyben, August v. 1929: Stamtavle over Slægten Stockfleth s. 21.
  • Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 700.
  • Nettum, Rolf Nyboe. (2009, 13. februar). Christen Pram: utdypning. I Norsk biografisk leksikon (henta (6.12.2013)
  • Valen-Sendstad, Fartein 1964: Innledning. I Christen Pram: Kopibøker fra reiser i Norge 1804-06. Utgitt som festskrift til Sigurd Grieg på 70-årsdagen 22. august 1964. De Sandvigske Samlingers skriftserie nr. 1, s. V-VII.

Referansar

  1. Bull s. 33
  2. Valen-Sendstad s. V.